Historisk arkiv

Oppheving av lov om Norsk språkråd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

I ein proposisjon som passerte statsråd fredag, gjer regjeringa framlegg om å oppheva lov om Norsk språkråd. (11.06.04)

Pressemelding

Nr.: 47/04
Dato: 11.06. 2004
Kontaktperson: Seniorrådgjevar Ingvar Engen, tlf: 22 24 80 31

Oppheving av lov om Norsk språkråd

I ein proposisjon som passerte statsråd fredag, gjer regjeringa framlegg om å oppheva lov om Norsk språkråd.

Dette er eit ledd i arbeidet med å omdanna Norsk språkråd til det som førebels er omtalt som eit kompetansesenter for norsk språk. Siktemålet er at denne omdanninga skal skje frå 1. januar 2005. Departementet vil koma tilbake til dette i samband med budsjettframlegget i haust.

Etter opplegget vil den øvste leiinga av den nye institusjonen inntil vidare liggja hos det interimsstyret som departementet nettopp har oppnemnt.

Først seinare, etter at det er skjedd eit strategisk utviklingsarbeid i regi av interimsstyret, vil departementet ta standpunkt til korleis den nye institusjonen skal innrettast og styrast på permanent basis. I samband med dette vil det også bli vurdert om den nye institusjonen skal forankrast i lov.