Personverndagen: To nye rettleiarar

På personverndagen 28. januar 2015 presenterer Kommunal- og moderniseringsdepartementet to nye rettleiarar for personvernarbeidet: - Målet er å gjere informasjonen om regelverket enklare og betre, og at verksemdene skal ha gode rutinar for handsaming av personvernet. Det høver godt å lansere desse publikasjonane på den internasjonale personverndagen, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Rettleiar om informasjonsplikt og innsynsrett:
- For å sikre at innbyggjarane i størst mogleg grad har råderett over eigne personopplysningar, er det viktig å vite kva slags personopplysningar dei einskilde verksemdene handsamar, seier Sanner.

Rettleiaren om informasjonsplikt og innsynsrett skal hjelpe til å sikre god informasjon for innbyggjarane og dei registrerte om dette. Rettleiaren seier også noko om korleis handsaming av personopplysningar går føre seg i offentlege verksemder .

Innsynslogg:
- Når meir informasjon blir samla, er det viktig at vi førebyggjer snoking i offentlege register* og gjev innbyggjarane moglegheit til å sjå kven som har sett data om dei, seier Sanner.

Etter Riksrevisjonen sin rapport om offentleg forvaltning i november 2014, har det vore fleire oppslag i media om journalsnoking. Regjeringa ynskjer å gjere offentlege register sporbare, slik at ein kan førebyggje og avdekkje snoking i personopplysningar. Stortinget legg til grunn at plikta til logging og retten til innsyn i eigen logg skal vere det berande prinsippet for alle større offentlege og private register.

Basert på desse føringane har Kommunal- og moderniseringsdepartementet utarbeidd retningsliner for korleis offentlege og private verksemder bør logge oppslag i registera. Mellom anna får verksemdene råd om ulike måtar dei kan gje dei registrerte innsyn i kven som har sett på opplysningane deira.

* Presisering: Det vi vil førebyggje, er snoking i private opplysningar lagra i registre som blir forvalta av det offentlege. Innsyn i opne og tilgjengelege registre er ikkje snoking.