Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartmentets program i veke 18

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 18, 2015.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort  i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 27. april
Kl. 09.00: Utanriksministeren deltek på lanseringa av Global Monitoring Report om utdanning for utvikling. Stad: Oslo (Regjeringskvartalets plenumsal)

Pressekontakt: Astrid Sehl, 922 84 752

Kl. 12.45: Utanriksministeren møter Romania sin utanriksminister, Bogdan Aurescu. Sjå eiga pressemelding. Stad: Oslo

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536

Kl. 15.15: Utanriksministeren møter FNs spesialutsending for Sahel-regionen, Hiroute Guebre Sellassie. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 29. april
Kl. 08.15: Utanriksministeren innleier på eit frukostseminar om flyktningsituasjonen i Middelhavet. Stad: Oslo (Rederiforbundet, Rådhusgt. 25)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 17.00: Utanriksministeren møter EU sin kommissær for humanitære spørsmål, Christos Stylianides. Stad: Oslo (Parkveien)

Pressekontakt: Astrid Sehl, 922 84 752

Torsdag 30. april
Kl. 16.30: Utanriksministeren deltek på kontrollhøyringa om vidaresal av marinefarty. Stad: Oslo (Stortinget, Høringssal 1, Akersgt. 18)

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022

Fredag 1. mai
Utanriksministeren vitjar Nederland for bilaterale samtalar. Stad: Nederland (Haag)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statsråd Vidar Helgesen

Tysdag 28. april
Kl. 08.30: Statsråd Helgesen deltek i møte i Europautvalet i Stortinget.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536

Onsdag 29. april
Statsråd Helgesen deltek på fullskalaøvinga «HarbourEx 15» i regi av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Øvinga er delvis finansiert ved hjelp av EU-midlar, og statsråden deltek for å sjå resultatet av dette samarbeidet. Helgesen møter også kommissær Christos Stylianides frå Europakommisjonen, kommissær for humanitær bistand og krisehandtering, som er i Oslo i samband med øvinga.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536

Torsdag 30. april
Statsråd Helgesen er i Brussel for å møte visepresident Kristalina Georgieva i Europakommisjonen. Georgieva er kommissær med ansvar for budsjett og personalressursar. Statsråden deltek også på eit regionalmøte for dei norske ambassadørane i Europa.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536

Statssekretær Bård Glad Pedersen

Tysdag 28. – onsdag 29. april
Statssekretær Pedersen deltek på Tilsynkonferansen for Avtalen om ikkje-spreiing av atomvåpen (Non-Proliferation Treaty, NPT) i FN. Stad: USA (New York)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Hans Brattskar

Måndag 27. april
Kl. 11.15: Statssekretær Brattskar møter representantar frå kvinnegruppene til Høgre, KrF, Frp og Venstre om kvinner og utvikling Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 12.30: Statssekretær Brattskar møter FNs spesialutsending for Sahel-regionen, Hiroute Guebre Sellassie. Stad: Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 28. april
Kl. 10.00: Statssekretær Brattskar møter Mohamed Bihi Yonis frå Somaliland. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 13.00: Statssekretær Brattskar held eit innlegg på årsmøtet til 'Initiativ for etisk handel'. Stad: Oslo (Håndverkeren)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Morten Høglund

Søndag 26. april – fredag 1. mai
Statssekretær Høglund reiser til Mexico og USA (California) for bilaterale møte. Programmet vil også bestå av ei rekke næringslivsarrangement. Høglund vil mellom anna delta på Cesmi-konferansen om miljø og skipsfart i California. Eiga pressemelding følgjer. Stad: Mexico og USA (California)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02