Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon:

Røe Isaksen og Nesvik til Kina

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen besøker Beijing og Shanghai i slutten av oktober. Samstundes skal fiskeriminister Harald T. Nesvik delta på Asias si største fiskerimesse i Qingdao og møte kinesiske motpartar i Beijing.

Hovudformålet med reisene er å stadfeste at Kina fortsetter å vere ein særs viktig marknad for norske verksemder.

Næringsministeren er i Kina frå 30. oktober til 1. november., i samband med det pågåande arbeidet med ein frihandelsavtale mellom Noreg og Kina. Han vil mellom anna møte den kinesiske næringsministeren, og delta på norsk næringsliv si kraftsamling i Shanghai, Norway Asia Business Summit (NABS).

– Det er viktig å vise kinesiske styresmakter kor mykje det økonomiske samarbeidet med Kina betyr for Noreg.

Dette er i positiv utvikling og har nådd eit nytt nivå etter statsbesøket til Beijing og Shanghai i oktober i fjor. Difor følgjer vi opp dei prosessane vi har starta, og politiske samtaler med styresmaktene i Beijing står sentralt, seier Røe Isaksen (H).

Vil auke eksporten

Fiskeriministeren besøker Kina frå 28. til 30. oktober, for å promotere norsk sjømat og norske sjømateksportørar. Han vil mellom anna delta på China Fisheries i Qingdao, samt halde fram med arbeidet for å sikre tilgang på marknaden for norsk sjømat i Kina.

– Eg er nøgd med den positive utviklinga i eksporttala for Kina og særlig ser fram til å vere tilstade på messa i Qingdao. Det er ei av dei største i verda i sitt slag, og bidrar til å synleggjere norske produsentar og eksportørar. Eg vil også møte kinesiske motpartar for å halde fram arbeidet med å sikre føreseielege rammer og for å auke eksporten av sjømat til Kina, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (FrP).

Då fiskeriministeren var vertskap for den kinesiske toll- og veterinærministeren Ni i mai, signerte dei to protokollar som omfatta tilgangen til den kinesiske marknaden. Ein som regulerer marknadstilgangen for norsk laks og ein om handel med fiskemjøl og fiskeolje.

Fiskeriministeren vil følgje opp dette i eit møte med minister Ni under besøket til Kina. Eit møte med den kinesiske landbruksministeren er også under planlegging. I samband med fiskerimessa i Qingdao, vil fiskeriministeren også delta i Norway-China Seafood Summit som blir arrangert av Sjømatrådet.

 Fakta

  • Kina er Noregs viktigaste handelspartnar i Asia. I 2018 handla vi varer med Kina for nærmare 92 milliardar kroner. I 2017 handla vi tenester med Kina for omkring 17 milliardar kroner.
  • Omtrent tre fjerdedelar av varehandelen var import. Vi importerer hovudsakleg mobiltelefonar, tilbehør til mobiltelefonar, fjernsyn, datamaskiner, printerar, klede og interiør frå Kina. Det vi sel til Kina er ulike kjemiske produkt, skipsutstyr, sjømat og kunstgjødsel.
  • juli 2019 eksportert vi sjømat til Kina for nærmare 2,8 milliardar kroner. Det gjer Kina til den 8. største marknaden for norsk sjømat. Kina er den viktigaste marknaden for norsk fersk heil laks utanfor EU.
  • juli 2019 hadde eksporten av sjømat til Kina ein vekst i verdi på 33 pst. samanlikna med same periode året før. I same periode er det vekst i volum for fersk laks i Kina-regionen på 19 pst.
  • Betre tilgang til den kinesiske marknaden for norsk sjømat er ei av årsakene til den auka eksporten. I mai signerte fiskeriminister Nesvik ein toåreg lakseprotokoll med Kina si toll- og veterinærminister Ni. Protokollen ble første gong signert i 2017, og vert fornya. Samstundes inngjekk Noreg og Kina ei avtale som vil sikre at norsk fiskemjøl og -olje til ikkjemenneskeleg konsum har tilgang til den kinesiske marknaden.
  • Fleire enn 100 norskkontrollerte verksemder i Kina har allereie om lag 9 000 tilsette og omsetjar for meir enn 17 milliardar kroner (2017). Utanrikstenesta anslår at det reelle talet for verksemder med norsk tilknyting i Kina er nærmare 200. 
  • Noreg og Kina starta forhandlingar om ein frihandelsavtale i 2008, men etter åtte forhandlingsrundar stansa prosessen opp i 2010. Etter normaliseringa av forholdet mellom Kina og Noreg har det blitt avhaldne sju forhandlingsrundar. Den 16. runden finn stad i september i Kina. Noreg og Kina er samde om å forhandle ein moderne avtale basert på frihandelsavtaler som nyleg er inngått.

NABS er eit årleg arrangement for og av norske næringsforeiningar i Asia (NBA, Norwegian Business Association). 2019-utgåva av NABS finn stad i Shanghai og det er NBA Kina, ambassaden i Beijing, generalkonsulatet i Shanghai og Innovasjon Norge som er arrangørar. Tema for NABS 2019 er OceanTech og målgruppa er norske og asiatiske hav- og energiklyngjer. Næringsministeren skal halde eit innlegg under opninga av arrangementet 1. november.

China Fisheries er ei av dei største fiskerimessene i verda. Viselandbruksministeren i Kina har dei siste åra vore vertskap for messa. Tradisjonelt deltar ei rekke norske sjømatverksemder. I samband med China Fisheries arrangerer Sjømatrådet Norway-China Seafood Summit 2019, eit norsk-kinesisk seminar som vektlegg handel med sjømat. Noreg har ei sterk posisjon i den kinesiske marknaden, og fiskeriministeren si deltaking vil bidra til å styrke posisjonen ytterlegare.  

 

Journalistar som ynskjer å dekke besøket kan ta kontakt for nærmare detaljar om program og praktiske opplysninger knytta til mellom anna visum. Påmelding til [email protected] innan 20. september 2019.

Pressekontakt Røe Isaksen: Trond Viken: mobil: 992 18 303, e-post: [email protected]

Pressekontakt Nesvik: Martine Røiseland: mobil: 970 55 024, e-post: [email protected]

Til toppen