Utdrag frå Utanriksdepartementets program i veke 3, 2014

Priv. til red.

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 3, 2014.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 13. januar
Kl. 11.00: Utanriksminister Brende møter OECDs visegeneralsekretær Rintaro Tamaki i samband med OECDs rapport om norsk bistand. Sjå eigen priv. til red.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef (utvikling) Astrid Versto, 901 92 920

Kl. 12.30: Utanriksminister Brende deltek på ein lunsj for ambassadørane frå EU-landa i Oslo. Stad: EUs delegasjon, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 14.00: Utanriksminister Brende møter Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling (Pace). Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 14. januar
Utanriksminister Brende besøkjer Tyskland. Han vil mellom anna møte sin tyske kollega, Frank-Walter Steinmeier. Sjå eigen priv. til red. Stad: Berlin

Pressekontakt: Underdirektør Frode Overland Andersen, 917 22 022

Onsdag 15. januar
Utanriksminister Brende deltek på ein internasjonal givarlandskonferanse om Syria. Sjå eigen priv. til red. Stad: Kuwait.

Pressekontakt: Underdirektør  Frode Overland Andersen, 917 22 022

Torsdag 16. januar
Kl. 10.00: Utanriksminister Brende deltek i ein debatt om nordisk samarbeid og svarer på ein interpellasjon i Stortinget om utdanning. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Søndag 19. januar
Utanriksminister Brende deltek på Høgres felleskonferanse 2014. Stad: Oslo

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Ingrid Skjøtskift, 951 98 726

Statssekretær Bård Glad Pedersen

Måndag 13. januar
Kl. 10.15: Statssekretær Pedersen møter representantar frå UNODC om det internasjonale arbeidet mot piratverksemd. Stad: UD

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 14. januar
Statssekretær Pedersen deltek på eit arrangement i Tyskland i samband med grunnlovsjubileet 2014. Stad: Kiel

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Svein Michelsen, 971 07 379

Onsdag 15. januar
Kl. 11.00: Statssekretær Pedersen held ei orientering om nordområda for det diplomatiske korpset i Oslo. Stad: Fram-museet

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 16. januar
Kl. 14.30: Statssekretær Pedersen møter representantar for Den norske Burmakomiteen. Stad: UD.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Hans Brattskar

Måndag 13. januar
Kl. 15.00: Statssekretær Brattskar er vert for ein lunsj med OECDs visegeneralsekretær Rintaro Tamaki. Stad: Oslo.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef (utvikling) Astrid Versto, 901 92 920

Tysdag 14. januar
Kl. 09.30: Statssekretær Brattskar møter norske frivillige organisasjonar forut for møta i Davos om dei nye tusenårsmåla. Stad: UD.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef  (utvikling) Astrid Versto, 901 92 920

Onsdag 15. januar
Kl. 09.00: Statssekretær Brattskar har møte med direktøren i Interpeace, Scott Weber. Stad: UD.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 10.00: Statssekretær Brattskar møter generalsekretæren i Blå Kors, Jan Elverum, i samband med globale helsespørsmål. Stad: UD

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 12.00: Statssekretær Brattskar møter generaldirektøren i Den internasjonale Raude Kross-komitéen (ICRC), Yves Daccord. Stad: UD

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 17. januar
Kl. 10.00: Statssekretær Brattskar deltek på Atlas-alliansens årskonferanse. Stad: Thon Hotell Opera, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Laurdag 18. - søndag 19. januar
Statssekretær Brattskar deltek på ein konferanse om fornybar energi i regi av Renewable Energy Agency. Stad: Kuwait.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Astrid Sehl, 922 84 752

Statssekretær Morten Høglund

Måndag 13. januar
Kl. 13.00: Statssekretær Høglund møter Bruneis viseutanriksminister Lim Jock Seng. Stad: UD

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 14. – torsdag 16. januar
Statssekretær Høglund besøkjer Vietnam for bilaterale konsultasjonar. Høglund vil også møte representantar for norsk næringsliv i Vietnam. Stad: Hanoi, Vietnam

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Ingvild Stub

Tysdag 14. januar
Kl. 14.00: Statssekretær Stub møter Turid E. Solvang, dagleg leiar av Norsk Institutt for Styremedlemmer. Stad: UD

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar  Hilde Steinfeld, 404 08 314