Utdrag frå Utanriksdepartementets program i veke 42

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 42, 2014.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalendaren på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 13. - onsdag 15. oktober
Utanriksminister Brende vitjar Vest-Afrika. 

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Astrid Sehl, 922 84 752 

Torsdag 16. – fredag 17. oktober
Utanriksminister Brende deltek på Asem-toppmøtet i  Milano og vitjar Berlin for politiske samtalar. Sjå eigen priv. til red

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536

Statsråd Vidar Helgesen

Måndag 13. oktober
Kl. 10.00: Statsråd Helgesen deltek i Stortingets europautval. Der skal han mellom anna orientere om regjeringa si haldning til det føreslåtte rammeverket for EUs klima- og energipolitikk mot 2030. Helgesen vil også orientere om ny Europakommisjon, forhandlingane om eit handels- og investeringspartnarskap mellom EU og USA (TTIP), samt deltaking i samanslutninga av europeiske reguleringsstyringsmakter for elektronisk kommunikasjon (Berec). Statsråden vil også oppdatere utvalet om status i forhandlingane om nye EØS-middel og marknadsadgang for fisk.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Benedicte Staalesen, telefon 468 11 754. 

Tysdag 14. oktober
Statsråd Helgesen møter kommissær Johannes Hahn i Brussel. Hahn er ansvarleg for regionalpolitikk i Europakommisjonen, og komande vise-president i Junckers europakommisjon med delansvar for EØS. 

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Benedicte Staalesen, telefon 468 11 754. 

Torsdag 16. oktober
Kl. 08.00: Statsråd Helgesen møter ESA-president Oda Helen Sletnes. Stad: SMK

Kl. 10.00: Statsråd Helgesen held opningsforedraget på Norges energidager i regi av NVE. Stad: Holmenkollen Park Hotell

Kl. 12.00: Statsråd Helgesen held innlegg på møte i Tønsberg næringsforening. Stad: Tønsberg

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Benedicte Staalesen, telefon 468 11 754. 

Statssekretær Bård Glad Pedersen 

Måndag 13. oktober
Kl. 10.30: Statssekretær Pedersen held opningsinnlegget på eit seminar om Colombia. Stad: Oslo (Litteraturhuset) 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 12.30: Statssekretær Pedersen møter Martin Griffiths, leiar av European Institute for Peace (EIP). Stad: UD 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Torsdag 16. oktober
Kl. 14.30: Statssekretær Pedersen møter understatssekretær Matti Anttonen frå det finske utanriksdepartementet. Stad: UD 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Hans Brattskar  

Måndag 13. oktober
Kl. 11.00: Statssekretær Hans Brattskar møter generalsekretær Martin Palmer i Alliance of Religions and Conservation (ARC). Stad: UD 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 14.00: Statssekretær Hans Brattskar deltek på møte om FNs mål for bærekraftig utvikling Post 2015. Stad: UD 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Tysdag 14. oktober
Kl. 09.00: Statssekretær Hans Brattskar deltek på høyringsmøte om stortingsmeldinga om næringsutvikling. Stad: Vika konferansesenter, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 10.00: Statssekretær Hans Brattskar møter Ingebrigt Mollan, utanlandssjef for Lions Aid Norway. Stad: UD 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 11.30: Statssekretær Hans Brattskar deltek på Oslo Water Initiative i regi av Kirkens Nødhjelp saman med NHO, Global Compact/CEO Water Mandate og Global Compact Nordic Network. Stad: NHOs lokale, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 14.00: Statssekretær Hans Brattskar deltek på Dignis seminar om landkonsentrasjon i bistanden. Stad: Litteraturhuset, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 15. oktober
Kl. 14.00: Statssekretær Hans Brattskar møter Christian Thommessen frå Impact Investing. Stad: UD 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Morten Høglund  

Måndag 13. oktober
Kl. 11.30: Statssekretær Morten Høglund deltek på eit møte med næringslivet om regjeringas handlingsplan for menneskerettar og næringsliv. Stad: UD 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 15. oktober
Kl. 10.00: Statssekretær Morten Høglund deltek på eit møte med Handelskampanjen. Stad: UD 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 12.30: Statssekretær Morten Høglund deltek på møte med Sean Randolph, Bay Area Economic Institute. Stad: UD 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Fredag 17. oktober
Kl. 12.30: Statssekretær Morten Høglund deltek på eit møte med sivilt samfunn om regjeringas handlingsplan for menneskerettar og næringsliv. Stad: UD 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Ingvild Næss Stub

Måndag 13. oktober
Statssekretær Stub deltek i ein lunsj for kvinnelege ambassadørar.
Stad: Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 16. oktober
Statssekretær Stub deltek på ein konferanse om europeisk integrasjon i Ljubljana, Slovenia.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02