Utdrag frå Utanriksdepartementets program i veke 30, 2014

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 30, 2014.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalendaren på regjeringa.no. 

Utanriksminister Børge Brende

Torsdag 24. juli
Kl. 12.00-17.00: Utanriksminister Børge Brende deltek på Kraftsamling Trøndelag 2014, med tema trøndersk næringsliv i eit internasjonalt perspektiv. Brende skal tale om norsk næringsliv i ei internasjonal brytningstid. Stad: Trøndelag.

Pressevakt: 23 95 00 02

Fredag 25. juli
Kl. 17.30-23.00: Utanriksminister Børge Brende deltek på Olsok-dagane i samband med premieren på «Spelet om Heilag Olav» og på lansering av slagplan 2030. Som Årets Olsokprofil vil Brende halde foredraget «Verdiar verdt å kjempe for». Stad: Trøndelag.

Pressevakt: 23 95 00 02

Statssekretær Bård Glad Pedersen

Tysdag 22. juli 
Statssekretær Bård Glad Pedersen møter EUs fiskerikommissær Maria Damanaki. Stad: Oslo.

Møtet er utsatt.

Pressevakt: 23 95 00 02

Statssekretær Hans Brattskar

Tysdag 22. juli
Statssekretær Hans Brattskar deltek på «Girl Summit», eit høgnivåmøte om tidleg ekteskap og kjønnslemlesting (FGM) i London. Stad: London.

Pressevakt: 23 95 00 02  

Statssekretær Ingvild Stub

Tysdag 22. juli
Kl. 10-12.30: Statssekretær Ingvild Stub deltek på minnemarkering for 22. juli i regjeringskvartalet og på minnegudstjeneste i Oslo domkirke. Stad: Oslo.

Pressevakt: 23 95 00 02