Presseinvitasjon:
Rapport om forsøk med heroinassistert behandling vert overlevert 20. juni
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Nyheit | Dato: 19.06.2019 | Sist oppdatert: 10.01.2020
Rapporten om korleis eit prøveprosjekt med heroinassistert behandling kan gjennomførast i Oslo og Bergen vert overlevert helseminister Bent Høie og Venstre-leiar Trine Skei Grande.
Kl. 09.00 – 09.45: Helsedirektoratet/SERAF presenterer rapporten og anbefalingane om korleis prosjektet kan gjennomførast. Rapporten vert overlevert til Bent Høie og Trine Skei Grande. Spørsmål i plenum.
Kl. 09.45 – 10.00: Separate intervju.
Helsedirektoratet fekk i fjor i oppdrag å utarbeide eit forslag til korleis eit forsøksprosjekt med heroinassistert behandling (HAB) kunne gjennomførast i Norge. Senter for rus- og avhengighetsforskning (SERAF) har utarbeida forslaget i samråd med brukerorganisasjonar, fagmiljø og representantar for Bergen og Oslo kommune. Formålet med forsøket er å finne eit tilbod til dei mest hjelpetrengande rusavhengige som ikkje har nytte av det tradisjonelle hjelpetilbodet.
Adresse: Arbeids- og sosialdepartementet, Akersgata 64.
Arrangementet kan du sjå via nett-TV på departementet sine nettsider