Historisk arkiv

Rapport om kvinnelege leiarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Næringslivet ligg langt bak når det gjeld å rekruttere kvinnelege toppleiarar. Det kjem fram i ein ny rapport næringsminister Monica Mæland fekk i dag.

Monica Mæland sett bakfra, står på talerstolen på eierskapskonferansen
Monica Mæland snakker på Eierskapskonferansen 2017. Foto: Håkon Jacobsen / NFD

Det er Institutt for Samfunnsforsking som har skrive rapporten på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet.

 – Det er flott at kvinnelege leiarar i det offentlege nå har passert 50 prosent. Det er også bra at menn og kvinner er likestilt i leiarstillingar i organisasjonane. Problemet er næringslivet, seier næringsminister Monica Mæland

 Rapporten viser at næringslivet ligg langt bak offentleg sektor, akademia og organisasjonane når det gjeld kvinner i toppleiarstillingar. Ein ser òg at næringslivet må satse meir på rekruttering.

 Nokre bedrifter arbeider aktivt med ulike tiltak for å fremje kjønnsbalanse, medan andre er mindre opptekne av desse spørsmåla.

 – Bedriftene må rett og slett ha betre planer for dette. DNB er eit godt døme på ei bedrift som arbeider systematisk for å få fleire kvinnelege leiarar. Dei har mellom anna krav om at det alltid skal vere minst 50 prosent kvinner i leiarprogramma, seier Mæland.

 Institutt for Samfunnsforsking legg i rapporten fram ti forslag til tiltak og omsyn, basert på funn i rapporten, som dei meiner det bør satsast på for å betre andelen kvinnelige leiarar.