Statsråd Rotevatn overtek vervet som president for FN si miljøforsamling

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn har no offisielt teke over vervet som president for FN si miljøforsamling. Han skal leie komiteen som førebur miljømøtet i Nairobi i 2021.

Miljøforsamlinga er det øvste organet i FN for miljø. Samlinga i Nairobi i februar 2021 vil være den femte i rekkja og har difor fått FN-forkortinga UNEA-5.

Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn. Foto: Snorre Tønset/KLD

- 2020 er eit viktig år hvor vi skal vi løyse mange av dei største miljøutfordringane i verda. Vi ser at natur forsvinn i eit høgt tempo, og at teikn på klimaendringar viser seg på dramatisk vis. Miljøforsamlinga i FN blir ein viktig arena for å få på plass internasjonale løysingar verda treng, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

 

FN si miljøforsamling er ein av dei viktigaste møteplassane for verdas miljøministrar. Dei møtast annakvart år i Nairobi, som er hovudsete til Miljøprogrammet til FN (UNEP).

Styrke berekraftsmåla


Eit overordna tema for UNEA-5 vart bestemd før jul, og handlar om styrka innsats for å bevare naturen og nå berekraftsmåla ("Strengthening Actions for Nature to Achieve the Sustainable Development Goals"). Klima- og miljøministeren vil ha ein særskild rolle i den internasjonale dialogen fram til miljøforsamlinga som finn stad i februar 2021. Ein sentral del av presidentoppgåva vil vere å leie arbeidet med ei politisk erklæring som medlemslanda skal vedta

Som ein del av førebuingane arrangerer vi eit møte i Oslo i byrjinga av juni for styret til UNEA-5 saman med styret til dei faste representantane til Miljøprogrammet til FN. Klima- og miljødepartementet vil òg legge til rette for at sivilsamfunn, privat næringsliv, forskarar og ungdom skal kome saman for å drøfte innspel til forsamlinga.