Historisk arkiv

Skrantesjuke (CWD) påvist hjå reinsbukk på Hardangervidda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Ein har i det lengste håpa at den alvorlege dyresjukdommen skrantesjuke (CWD) som vart oppdaga i Nordfjella i 2016 ikkje fanst i andre villreinområde i Noreg. 10. september 2020 kom den nedslåande nyheiten om at ein reinsbukk på Hardangervidda testa positivt på sjukdommen.

- Eg er uroleg og bekymra for situasjonen. Våre beste fagfolk følgje saka tett og gjer det dei kan for at me som samfunn skal handtere dette på best mogleg måte, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Skrantesjuke er ein dødeleg sjukdom som rammar rein, elg, hjort og rådyr. Sjukdommen blei første gong påvist i Noreg i 2016. Mattilsynet og Miljødirektoratet skal saman med Veterinærinstituttet følgje opp situasjonen på Hardangervidda.