Statskog SF utvider skogsalet

Statskog SF legg no ut 19 nye eigedomar for sal, til saman 80000 dekar. Til nå har 70 prosent av arronderingssalet til Statskog SF gått til lokale kjøparar, der dei fleste har skogeigedom i same kommune frå før.

– Det er eit mål å leggje til rette for å utnytte skogen i Noreg slik at det kan bli skapt fleire lønsame arbeidsplassar og verdiar i distrikts-Noreg. I Sundvolden-erklæringa er det sett som mål at det private skogbruket skal styrkast ved sal av areal frå Statskog SF, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

– Statskog SFs sitt sal av skogeigedomar er bra for føretaket, samstundes som det har styrkt det private skogbruket. Dette er grunnen til at Regjeringa har opna for at salet kan utvidast med inntil 150 000 dekar, seier  Dale.

Lokale skogeigarar

Arronderingssalet, som blei starta i 2011 etter kjøpet av mellom anna Borregaardskogane, var opphaveleg planlagt til å vere på om lag 600 000 dekar. Salet har til føremål å betre arronderinga til Statskog SFs skogeigedomar, og på denne måten  betre økonomien i skogsdrifta til føretaket. Salet kan også styrke det private skogbruket ved at private skogeiegarar får høve til å auke ressursgrunnlaget sitt.

Så langt har skogsalet til Statskog SF vore ein suksess. Det er no selt 169 eigendomar som til saman er på om lag 338000 dekar i 16 fylker og 75 kommunar. 70 prosent er selt til lokale kjøparar, der dei fleste har skogeigedom i same kommune frå før. 11 prosent er kjøpt av Miljødirektoratet til vern eller makeskifte, 8 prosent er kjøpt av kommunar og dei resterande 11 prosent er for det meste selt til jord- og skogeigarar i nabokommunane.

Grundig prosess

Dette var grunnen til at Regjeringa ønskte å utvide salet utover dei 600 000 dekar som allereie var planlagt. Etter ein grundig prosess, der Statskog SF fekk i oppdrag å greie ut  ulike modellar for privatisering og organisering av skogverksemda, vart det i samband med Stortingets handsaming av statsbudsjettet for 2016 opna for at salet kunne utvidast med inntil 150 000 dekar.

Skog.
Statskog SF legg no ut 19 nye eigedomar for sal, til saman 80000 dekar. Foto: Colourbox