Historisk arkiv

Statsministerens program veke 9

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 1. mars
Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg leier eit nordisk-baltisk møte for konservative partileiarar. Møtet går føre seg digitalt.

Tysdag 2. mars
Kl. 09.00: Statsministeren taler på opninga av Kommunalpolitisk toppmøte, i regi av KS. Sjå konferanseprogrammet for fleire detaljar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@smk.dep.no.

Kl. 19.30: Statsministeren deltek digitalt på eit kvinneforum i regi av dei fire ikkje-sosialistiske partia på Stortinget.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no.

Onsdag 3. mars
Kl. 09.00: Statsminister Erna Solberg deltek på «Nasjonal likestillingskonferanse 2021 – Krise som forstørrelsesglass?» som vert arrangert i samarbeid mellom Kulturdepartementet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Sjå eiga nettsak for fleire detaljar

Pressekontaktar er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Kl. 14.00: Statsminister Erna Solberg og kultur- og likestillingsminister Abid Raja har møte med idrettspresident Berit Kjøll om situasjonen for norsk idrett i lys av koronapandemien.

Møtet går føre seg på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Etter møtet, om lag kl. 14.30, vil møtedeltakarane vere tilgjengeleg for presse. Me ber om påmelding til mo@smk.dep.no innan 3. mars kl. 12. Me kan ikkje garantere at alle får plass, og føreset at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine råd for smittevern. Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon.

For akkreditert presse er oppmøte seinast kl. 14.15. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontaktar er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Fredag 5. mars
Kl. 09.00: Statsministeren deltek på She Conference, der ho mellom anna har samtalar om global likestilling og inkludering. Fleire detaljar på nettsida til konferansen.

Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.