Statsråd Iselin Nybø inviterer til studenttoppmøte

Tysdag 6. november inviterer for første gong forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø til studenttoppmøte. Studentleiare frå heile landet samlast for å gi sine innspel til statsråden.

På toppmøtet ønsker Nybø blant anna å diskutere korleis vi kan sjå til at fleire studentar reiser til utlandet under studietida, og dessutan utfordringar knytte til praksis i utdanningane. Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgare utdanning vil også bli diskutert.

Dei inviterte er leiarane av studentdemokratia ved høgskular og universitet, leiarar av velferdstinga, ISU-Norway, ANSA og Norsk studentorganisasjon.  

Stad: Representasjonsbustaden til regjeringa, inngang Riddervoldsgate 2

Tidspunkt: Klokka 10.00

Arrangementet er opent for pressa mellom klokka 09.45 og 12.00.

Hugs pressekort og ID.

Statsråden opnar møtet. I tillegg vil det mellom anna vere innlegg frå studentar som har vore på utveksling, vi får høyre frå ein utvekslingsstudent i Noreg og det blir idédugnad.

Pressekontakt:
Kommunikasjonsrådgivar Tuva Gaarder Nordlie
E-post: mailto:tgn@kd.dep.no.
Mobil: 93 66 87 15.

Til toppen