Statsråd Sanner gjestar Estland

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner skal måndag 26. januar til Estland for å sjå nærare på Estlands arbeid med digitalisering av offentleg sektor. Her skal han ha samtaler med president Toomas Ilves og finansminister Urve Paalo.

Programmet for turen inneheld mellom anna ein demonstrasjon av sanntids informasjonsinnhenting frå offentlege register i ein politibil og skulevitjingar der e-læringsverktøy og robotbygging står på programmet.

Estland utmerker seg med ein heilskap i tilrettelegginga for bruk av IKT, og dette gjeld for innbyggjarar så vel som staten. 

 

Pressekontakt: kommunikasjonssjef Kjersti Bjørgo, tlf 971 64 835