Historisk arkiv

Stortingsmelding om brann- og ulykkealarmering over naudnummer 110: Regjeringa vidarefører alarmsentralordninga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet


Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 07
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Oslo, 09.11.95

Stortingsmelding om brann- og ulykkealarmering over naudnummer 110:
Regjeringa vidarefører alarmsentralordninga

Regjeringa ønskjer ikkje noka stor utviding av talet på naudmeldingssentralar for brann og ulykker i Noreg. Det er alt etablert 48 regionale 110-sentralar rundt i landet, og desse dekkjer i grove trekk kvar sine politdistrikt. Regjeringa meiner at for sterk oppsplitting av regionane må frårådast, både av faglege grunnar og av tryggleiksgrunnar. Hovudoppgåva til naudmeldingstenesta er å sikre publikum rask og profesjonell hjelp.

Sentralane dekkjer dei same geografiske områda som dei andre 112- og 113 sentralane for politi og ambulanse.

  • Vi vil åtvare mot å splitte opp naudmeldingssentralane for mykje. Det vil gje dårlegare service for dei som må ha hjelp, seier kommunal- og arbeidsminister Gunnar Berge. - Det er svært viktig å etablere sentralar som dekkjar tilstrekkelig store geografiske område. Det inneber at dei får brei erfaring og blir meir slagkraftige enn mindre sentralar. I tillegg er det også av tryggleiksgrunnar uheldig å splitte opp 110-nummeret på endå fleire sentralar, seier han. Særleg ved store ulykker vil unødvendig tid gå til spille. Det kan gje forseinkingar på 2-5 minutt, noko som ofte kan vere avgjerande. I somme tilfelle - til dømes der det ut frå naturgitte forhold har vore teletekniske problem - kan det vere aktuelt å tildele eige naudnummer. Eg er altså innstilt på å oppgradere enkelte lokale vaktsentralar.

Stortinget har bede om at fleire lokale vaktsentralar - på visse vilkår - skal få høve til å gå inn i ordninga, det vil seie få tildelt naudnummer 110. Det er søkt om å få tildelt naudnummer 110 til 29 lokale vaktsentralar i tillegg til den 110-sentralen som alt finst i regionen. Dersom alle søknadene vart innvilga ville talet på 110-sentralar auke frå 48 til 77.

Samferdselsdepartementet åtvarar mot å splitte regionane ut frå teletekniske forhold. Sosialdepartementet og Justisdepartementet går sterkt mot ein auke av tale på 110-sentralar fordi dette vil skape store koordineringsvanskar i høve til 112- og 113-sentralane.

  • Den sterkt aukande bruke av mobiltelefonar er eit problem styresmaktene særleg den seinere tid er blitt merksame på, seier Berge. Ein innringjar som slår 110 frå ein mobiltelefon, får ikkje alltid kontakt med 110-sentralen i den regionen han er i. Dersom det er mange 110-sentralar i same region, vert sjansen for at han skal få kontakt med den sentralen som dekkjer hans område, mindre. Ettersom sentralen må vidareformidle meldinga til rett sentral, kan hjelpa bli vesentlig forseinka.

Statsråden strekar under at oppsplitting av ein region gir kvar sentral i regionen redusert dekkingsområde. Dette fører til færre ulykker per sentral, og vil atter føre til at kvar sentral får mindre trening i å handtere brann- og ulykkestilfelle. Dette kan føre til feilhandtering av naudmeldingar og gjere det vanskelegare å få gitt rett og profesjonell rettleiing til innringjaren før hjelpa når fram.

Ei utviding av tale på 110-sentralar med 29, vil isolert auke driftsutgiftene med 50 millionar kroner i året. Investeringskostnadene vil auke med i overkant av 20 millionar kroner.

Lagt inn 10 november 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen