Svar på representantforslag frå stortingsrepresentant Une Aina Bastholm om å sikre god dyrevelferd i norsk kyllingproduksjon

Landbruks- og matministeren har svart på representantforslag frå stortingsrepresentant Une Aina Bastholm (MDG) om å sikre god dyrevelferd i norsk kyllingproduksjon.

Dokument 8:23 S (2015-2016)

Eg viser til brev 15. desember 2015 frå næringskomiteen der ein ber om ei vurdering frå Landbruks- og matdepartementet av representantforslaget. 

Det blir fremja to forslag: 

  1. Stortinget ber regjeringen planlegge for en gradvis utfasing av kyllingrasen Ross 308 og sikre god tilgjengelighet til avlsmaterialer fra sunnere og mer saktevoksende raser.
  2. Stortinget ber regjeringen gjennomgå krav til dyretetthet og miljøberikelse for slaktekylling for å sikre at dyrevelferdslovens krav til dyrs levemiljø er ivaretatt, og for å imøtekomme forbrukernes forventninger til god dyrevelferd. 

Eg vil her gjere greie for mi vurdering av dei to forslaga: 

Forslag nr. 1:
Det er som representanten viser til, Ross 308 som er den mest vanlege kyllingvarianten (hybriden) i norsk slaktekyllingproduksjon. Denne varianten blei introdusert i 2004/2005 og har eit særleg stort vekstpotensial. For vellukka produksjon av Ross 308 er det òg nødvendig med godt miljø og driftsopplegg, samt god kompetanse hos produsenten.   

Kyllingvarianten blir marknadsført via Aviagen, og er den mest brukte både i Europa og i USA. Norske fjørfeprodusentar utgjer ein for liten del av marknaden til å kunne utøva avgjerande innverknad på avlsarbeidet ved dei internasjonale avlsselskapa. Både næringa og eg er likevel opptekne av god dyrevelferd i slaktekyllingproduksjonen. 

Den norske fjørfenæringa søker å påverke fjørfeavlen i ein etisk forsvarleg retning og har mellom anna laga eigne handlingsplaner for den norske fjørfenæringa (www.animalia.no/handlingsplan-fjorfe). Den norske næringa arbeider også saman med dei andre nordiske landa for å få ein avl som legg vekt på friske og robuste dyr. Dette arbeidet har dei seinare åra gitt resultat. 

Det blir gitt driftsstøtte til Norsk Fjørfelag over jordbruksavtalen for å styrke det nordiske samarbeidet og påverke avlsarbeidet i dei internasjonale avlsselskapa i retning betre dyrevelferd. Landbruks- og matdepartementet var i april 2013 i møte med den internasjonale leverandøren av besteforeldredyr til slaktekyllingproduksjon, etter initiativ frå Nortura. Rådet for dyreetikk, Mattilsynet, Veterinærinstituttet, Universitet for Miljø- og biovitenskap og Norsk fjørfelag var også med på møtet. Føremålet med møtet var at dei norske aktørane skulle klargjere kva dei ventar av Aviagen sitt avlsarbeid, og at Aviagen skulle gjere greie for sitt arbeid. I utgreiinga frå Aviagen blei det orientert om at dei legg vekt på god dyrehelse (som grunnlag for god dyrevelferd) i sitt avlsarbeid. 

Eg ser det ikkje som aktuelt å forby bruk av Ross 308 i norsk kyllingproduksjon, og eg legg til grunn at produsentane vil nytte dei kyllingvariantane som etter ei samla vurdering er best eigna. Det er tilgang på andre kyllingvariantar som veks seinare. Ein slik variant blir nytta både i økologisk kyllingproduksjon og av enkelte produsentar som har lengre fôringstid og andre særpreg i sin produksjon.  

Forslag nr. 2:
Når det gjeld dyrevelferd for slaktekylling, vil eg vise til at det blei gjort vesentlege forbetringar på dette området både 2013 og 2014. Gjennom forskriftsendringar er det innført skjerpa krav til dyrevelferd. Tilsyn med slaktekyllingproduksjon er også ei prioritert oppgåve for Mattilsynet. 

Dei nye reglane inneber mellom anna ekstra krav til ventilasjon og varme i kyllinghus, innføring av eit program for dyrevelferd i næringa og krav om kurs i dyrevelferd for produsentane. Viktige element i det bransjestyrte programmet for dyrevelferd er mellom anna krav om veterinæravtale for overvaking av helse i besetningane, krav om KSL-revisjon og krav til avviksbehandling og eventuelt utestenging av produsentar frå programmet. 

Forskriftsendringane har som føremål å betre velferda for slaktekyllingar. Innføringa av dyrevelferdsprogrammet ga nye verktøy for å løyse viktige utfordringar, så som betre kvalitet på strøet og auka kompetanse på styring av miljø i fjørfehusa. Besetningar med utilfredsstillande velferd fekk sterke insentiv og samstundes hjelp til å forbetre drifta. Det blei innført auka kontroll og veterinærtilsyn i alle besetningar som er tilknytt programmet. 

Den allmenne grensa for kor mange kilo dyr ein kan ha pr. kvadratmeter (tettleik), blei sett ned frå tidligare 34 kg dyr pr. m2 til 25 kg dyr pr. m2. Samstundes blei det mogleg å drive med høgare grense for dei beste produsentane. Føresetnaden for å drive med høgare grense enn 25 kg dyr pr. m2 er at dyreeigar er med i det bransjestyrte programmet for dyrevelferd. 

Dei beste produsentane kan i dag produsera med ei maksimalgrense på 36 kg dyr pr. m2

Grensa for maksimal tettleik blir tilpassa driftsmiljøet hos den enkelte produsent. Berre dei produsentane som har høg velferdsstandard, kan produsere opp til maksimalgrensa. Produsentar med dårlig dyrevelferd må redusere tettleiken og dermed også talet på dyr. Dette gir eit sterkt økonomisk insitament til å driva med høg dyrevelferd. 

Velferdskrava i slaktekyllingproduksjon blei ytterlegare stramma inn med forskriftsendring i 2014. Dei nye konsesjonsgrensene har ikkje hatt innverknad på krava til tettleik. 

Eg meiner at innføringa av vesentlege forbetringar i krava til slaktekyllingproduksjonen i 2013 og 2014 har gjort sitt til at vi i Noreg har ein økonomisk berekraftig produksjon som er tufta på forsvarleg dyrevelferd. 

Ettersom krava til tettleik og levemiljø for slaktekylling nyleg er gjennomgått og endra, ser eg det for tida ikkje som naudsynt med ein ny gjennomgang på dette området. Mattilsynet vil vidareføre stor merksemd på slaktekyllingproduksjonen i sitt tilsyn.

Med helsing 

Jon Georg Dale