Svar på skriftleg spørsmål om kostnadsauke knytt til CO2-avgtft

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om kostnadsauke knytt til CO2-avgtft.

Representanten Geir Pollestad stilte fylgjande spørsmål: "Hvordan vil statsråden sikre at næringsdrivende i jord- og skogbruk kompenseres for kostnadsøkning knyttet til CO2-avgtft allerede frå inntektsåret 2017? Det bes om opplysning om budsjettpost og beløp?" 

Det er riktig, som representanten syner til i grunngjevinga for spørsmålet, at regjeringa i Nasjonalbudsjettet seier at jord- og skogbruk skal bli kompensert for auka CO2-avgift. Det er sett av midlar til særskilt kompensasjon for denne kostnadsauken på ymseposten i budsjettet for 2017, (Kapittel 2309 Tilfeldige utgifter, post 1 driftsutgifter). Detaljane om korleis kompensasjonen skal bli innretta blir avgjort under jordbruksoppgjeret i 2017.

Med helsing   

Jon Georg Dale