Svar på skriftleg spørsmål om kutt Mattilsynet sitt budsjett

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Arne Nævra (SV) om kutt Mattilsynet sitt budsjett.

Svar på skriftleg spørsmål nr. 444 frå representanten Arne Nævra

Eg viser til spørsmål nr. 444 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Arne Nævra. Spørsmålet lyd slik:

"Omtrent samtidig med at stygge dyrevelferdssaker slås i mediene opp omkring slaktegrisprodusenter i Rogaland, legges resultatet av budsjettforhandlingene på borgerlig side fram. Her strupes Mattilsynet med ytterligere 25 mill. kr. Pga. tidligere kutt og økte utgifter med Skrantesyke, kan dette føre til en reell nedskjæring på 65 mill. kr. til etaten. Hvordan syns statsråden dette harmonerer med regjeringens – og spesielt Frps - uttalte ønske om mer dyrevelferd?"

Mattilsynet har viktige beredskapsoppgåver. Det å handtere situasjonar som oppstår og som kan truge mattryggleiken, dyrehelsa eller fiskehelsa, er ein viktig del av Mattilsynet sitt normale arbeid som blir løyst innanfor dei ordinære budsjettrammene. Det blir derfor, etter mi vurdering, ikkje riktig å betrakte manglande ekstraløyving i 2018 til handtering av ein krevjande dyresjukdom - i dette tilfellet CWD/skrantesjuke - som ei nedskjering.

I budsjettforliket vart regjeringspartia, KrF og Venstre samde om å redusere Mattilsynet sitt budsjett med ytterlegare 25 mill. kroner. Det vart lagt til grunn at innsparinga skal skje ved reduserte administrasjonskostnader. Denne føringa frå stortingsfleirtalet gir rom for at Mattilsynet kan vurdere om etaten kan verte meir kostnadseffektiv gjennom endringar i den administrative strukturen.

Sjølv om budsjettsituasjonen for Mattilsynet blir opplevd som krevjande, forventar eg at dei framleis vil ha merksemd på dyrevelferd og gjennomføre eit effektivt og risikobasert tilsynsarbeid. Eg vil òg peike på at det i budsjettforliket vart semje om å utvide prosjektet med dyrepoliti til å omfatte to nye regionar. Det er positivt for arbeidet mot dyrekriminalitet.

Med helsing

Jon Georg Dale