Svar på skriftleg spørsmål om merkeordningar på matvarer om dyrevelferd, grovfôrandel og antibiotikabruk

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå Næringskomiteen - Dokument 8:135 S (2016-2017) - Representantforslag frå stortingsrepresentant Rasmus Hansson (MDG) om merkeordningar på matvarer om dyrevelferd, grovfôrandel og antibiotikabruk.

Svar på spm frå næringskomiteen - Dokument 8:135 S (2016-2017) - Representantforslag frå stortingsrepresentant Rasmus Hansson om merkeordningar på matvarer om dyrevelferd, grovfôrandel og antibiotikabruk.

Eg viser til oversending frå næringskomiteen datert 04.05.17 vedlagt representantforslag Dokument 8:135 S (2016-2017) frå stortingsrepresentant Rasmus Hansson om merkeordningar på matvarar om antibiotikabruk, dyrevelferd og grovfôrandel.

Det vert fremma 3 konkrete forslag:

  1. Stortinget ber regjeringen sørge for at alle animalske produkter som selges i Norge, uavhengig av produksjonsland, merkes på lettforståelig vis slik at unødvendig eller uheldig bruk av antibiotika synliggjøres.
  2. Stortinget ber regjeringen sørge for at det etableres et nasjonalt dyrevelferdsmerke med nærmere angitte kvalitetskriterier, som kan brukes på produkter med særskilt høy dyrevelferd.
  3. Stortinget ber regjeringen sørge for at mat produsert i Norge på lettforståelig vis merkes slik at det blir synlig hvor stor grad av fôrressursene i produksjonen som er lokale.

Eg er oppteken av at forbrukerane har muligheit til å gjere val basert på best mogeleg informasjon. Dersom ein faktisk skal sette forbrukaren i stand til det, føreset det også at ein avgrensar merkeordningar slik at det ikkje vert eit utal ordningar som forbrukaren går seg vill i.

Noreg er forplikta til å følgje internasjonalt regelverk når det gjeld merking av mat og fôr, og kan i utgangspunktet ikkje ha strengare obligatoriske merkekrav enn det som følgjer av dette. For næringsmiddel gjeld dette særleg EU si matinformasjonsforordning, som er ein del av EØS-avtalen. Merking av fôrvarer følgjer også av EU-regelverk.

Det er rett slik som det blir vist til i forslaget, at i matinformasjonsforskrifta § 3 er eitt av dei overordna måla å sikre at forbrukarane får eit godt grunnlag for å gjere sine val, og då særleg ut i frå kva som er bra for helse og miljø, men òg ut i frå økonomiske, sosiale og etiske omsyn. Denne regelen gjeld allmenne mål med forordninga, og gjev ingen konkrete plikter. Dei konkrete krava finst i andre reglar i forordninga eller dei følgjer av anna regelverk gjeve med heimel i dette. Det er ikkje fritt fram å etablere fleire krav til obligatorisk merking enn det som EU har fastsett som harmonisert regelverk for heile EØS-området. Dette ville skape ulike konkurransevilkår for næringa i strid med EØS-retten.

Det vil difor være vanskeleg for Noreg å innføre nasjonale tilleggskrav om obligatorisk merking på mat og fôr. Vi har ikkje moglegheit til å nekte omsetnad i Noreg av varer som oppfyller krava i det harmoniserte EØS-regelverket. Og vi kan ikkje krevje at varer som er produsert i andre EØS-statar, skal ha slik tilleggsmerking.

Sjølv om EU-regelverket ikkje gjer rom for obligatorisk merking utover dei harmoniserte krava, er det ikkje til hinder for at ein kan innføre meir frivillig merking. Næringa har moglegheit til å etablere frivillige merkeordningar dersom dei ønskjer å gje forbrukarane meir informasjon om sine produkt.

Merking av antibiotikabruk

Antimikrobiell resistens er å rekne som eit av de største globale trugsmåla mot folkehelsa. Norske styresmakter arbeider aktivt internasjonalt for å forsøke å bidra med å snu denne utviklinga. Viktige globale tiltak er å auke merksemda og kunnskapen om føremålstenleg bruk av antibiotika. Det vert mellom anna arbeidd for å få gjennomslag for at utskriving av antibiotika ikkje må være motivert av økonomisk vinning, samt at nokre kategoriar antibiotika berre må bli brukt til behandling av menneske.

EU har så langt ikkje fastsett regelverk som pålegg merking på mat om antibiotikabruk. Noreg er forplikta til å følgje det harmoniserte EU-regelverket. Vi har ikkje handlingsrom til å pålegge slik merking utan at det kjem i strid med EØS-retten.

Viss det ikkje hadde vore rettslege hindringar for å etablere ei slik merkeordning, er det uansett slik at det ikkje finst noko registreringssystem for legemiddelbruk som gjer det mogleg å etablere ei merkeordning som ville kunne synliggjere unødig eller uheldig bruk av antibiotika. Ei slik merkeordning er difor per i dag ikkje mogleg.

Merking av dyrevelferd

Først vi eg seie meg einig i at norske dyr på generell basis har det godt. Det betyr at norske dyreprodukt i all hovudsak kjem frå dyr med god dyrevelferd.

Eg vil vidare nytte høvet til å minne om at det offentlege regelverket for økologisk produksjon mellom anna inneheld krav som legg til rette for at desse dyra har enda høgare dyrevelferd. Til dømes er det generelt større arealkrav og strengare krav til lufting.

EU-regelverket stenger ikkje for å innføre frivillig merking på dette området. Men eg vil vise til at vi gjennom økologiforskrifta allereie har eit offentleg regelverk og ei merkeordning som gjeld ei rekke sider av matproduksjonen, til dømes ekstra krav knytt til dyrevelferd.

Etablering av nytt regelverk og nye merkeordningar i offentleg regi ville føre med seg meir byråkrati og auka kostnader. Eg meiner ei slik merkeordning er særs lite hensiktsmessig ettersom det alt vesentlege av norsk husdyrproduksjon ville oppfylt krava til ei slik ordning.

Merking av lokal grovfôrandel/bruk av lokale fôrressursar

Først vil eg vise til at regjeringa meiner at betre utnytting av grovfôrarealet og betre kvalitet på grovfôret er viktig, både for å auke produksjonen på norske ressursar og av omsyn til klima. Grovfôrproduksjonen kan auka og vi forsøker å stimulere bruken av utmarksressursane og auke kornproduksjonen på areal som er eigna til dette, mellom anna i årets tilbod i jordbruksoppgjeret.

Merking av fôrvarer er regulert av EØS-regelverk. Utgangspunktet er at vi ikkje kan ha strengare obligatoriske merkekrav enn det som følgjer av dette. Men det er rom for å innføre frivillige merkeordningar.

Som nemnt i svaret til forslaget om merking av dyrevelferd, har vi gjennom økologiregelverket allereie eit offentleg regelverk og ei merkeordning som gjeld ei rekke tilleggskrav mellom anna knytt til dyrevelferd og miljøkrav knytt til fôr.

Oppretting av nytt regelverk og nye merkeordningar i offentleg regi ville føre med seg meir byråkrati og auka kostnader. Det finst heller ikkje noko registreringssystem for bruk av lokale fôrressursar i fôring av dyr, som gjer det mogleg å etablere ei merkeordning som ville kunne synliggjere kor stor del av fôrressursane i produksjonen som er lokale. Ei slik merkeordning er difor per i dag ikkje mogleg.


Med helsing 

Jon Georg Dale