Svar på spørsmål om reketrålar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Svar til Stortinget | Dato: 30.05.2017
Utanriksminister Børge Brende sitt svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om kva regjeringa har gjort for å få frigitt reketrålaren "Remøy".
Skriftleg spørsmål nr. 1144 (2016-2017).
Datert 22. 05.2017
Spørsmål frå representant Liv Signe Navarsete (Sp):
Kva gjer regjeringa for å få frigitt båt og mannskap og når kan ein forvente ei løysing i saka?
Utanriksministeren sitt svar:
Russisk kystvakt tok i russisk økonomisk sone reketrålaren «Remøy» av Herøy i Møre og Romsdal i arrest 10. mai og førte han til hamn i Murmansk. Norske styresmakter arbeider med å finne ei løysing, slik at «Remøy» så raskt som mogleg kan bli frigitt og vende tilbake til fiske igjen.
Saka er til handsaming i russisk rettsvesen. I våre kontaktar med russiske styresmakter har vi peika på at kausjonssummen er reist langt over internasjonal praksis i slike saker.
Generalkonsulatet i Murmansk og ambassaden i Moskva har vore i kontakt med russiske styresmakter. Nærings- og fiskeridepartementet har sendt brev til russiske fiskeristyresmakter. Utanriksdepartementet og generalkonsulatet i Murmansk held fram med å gi rederiet og mannskapet konsulær bistand.
Eg hadde fredag 26. mai møte i Utanriksdepartementet med rederiet, interesseorganisasjonen Fiskebåt og ordførar i Herøy kommune om situasjonen for «Remøy». Møtet var godt og konstruktivt og alle er samde om at det viktigaste no er å få frigitt reketrålaren så raskt som mogleg.