Samferdselsdepartementet: Thomas Ruud Sollien utnemnd til underdirektør

Seniorrådgjevar Thomas Ruud Sollien blei i statsråd 25. august utnemnd til underdirektør i Samferdselsdepartementet.

Thomas Ruud Sollien er 45 år og har hovudfag i sosialøkonomi frå Universitetet i Bergen i 1997. Han arbeidde ett år som instruktør for Sjøforsvarets forvaltningsskule, før han begynte  Samferdselsdepartementet i 1998. Dei første åtte åra arbeidde han ved Trafikksikkerhets- og beredskapsseksjonen, før han blei tilsett i ny stilling i Vegseksjonen i 2006. Sollien er nå utnemnd til underdirektør for Vegseksjonen. Vegseksjonen arbeider mellom anna med rammevilkår, planlegging og budsjettering for vegsektoren og har det overorda ansvaret for etatsstyringen av Statens vegvesen. 

Til toppen