Historisk arkiv

Tidsfristane i farskapssaker er no oppheva

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Stortinget vedtok denne veka å oppheve tidsfristane for å reisa sak om å endra farskap. Endringane trer i kraft fredag 17. juni.

- Kven som er dei biologiske foreldra til eit barn er grunnleggjande for korleis barnet forstår seg sjølv. Dersom det er tvil om kven som er far til eit barn, vil det vera til beste for barnet å få avklara tvilen uavhengig av tidsfristar. Det er viktig å leggja til rette for at barn og foreldre kan få kunnskap om det biologiske opphavet deira. Dette omsynet veg så tungt at det bør vere avgjerande, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP).

I barnelova § 6 blei det frå 1. januar 2014 innført tidsfristar for å reisa sak for domstolen om endring av farskap, dersom vedkommande legg fram opplysningar om at ein annan mann kan vera faren til barnet. No er paragrafen endra og tidsfristane oppheva.

Årleg vert det fødd omlag 60 000 barn her i landet. Der det er tvil om den juridiske farskapen er i samsvar med den biologiske, trengst det reglar som gjev høve til å få prøvd og eventuelt endra farskapen.

- Barn bør i større grad enn i dag få kjennskap til, og eventuelt kontakt med, sin biologiske far så tidleg som mogleg, seier Horne.