Historisk arkiv

Underteikna Skagerrak-avtalen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Utenriksdepartementet

Av Anders Aalbu, EU-delegasjonen

Norge og EU underteikna Skagerrak-avtalen torsdag 15. januar. Avtalen gir Norge, Sverige og Danmark gjensidig rett til fiske i Skagerrak.

Signeringen foregikk i EUs rådsbygning, Justus Lipsius (Foto: Anders Aalbu, EU-delegasjonen). Foto: Anders Aalbu, EU-delegasjonen

Dette er ei vidareføring av Skagerrak-avtalen som første gong tråtte i kraft 7. august 1967. Dei tre skandinaviske landa får gjennom avtalen gjensidige fiskerirettar i kvarandre sine økonomiske soner utanfor fire nautiske mil i Skagerrak og Kattegat.

Norges ambassadør til EU, Atle Leikvoll, skreiv under avtalen etter fullmakt frå utanriksminister Børge Brende. Latvia har formannskapet i Rådet for den europeiske union det her halvåret, og det var derfor Latvias ambassadør, Ilze Juhansone, som skreiv under på vegne av EU.

Skagerrak-avtalen var den første avtalen Latvias ambassadør skrev under på vegne av EU (Foto: Anders Aalbu, EU-delegasjonen). Foto: Anders Aalbu, EU-delegasjonen