Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Tord Lien sin kalender for veke 48

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 28. november

Olje- og energiminister Tord Lien møter den russiske ministeren for naturressursar og miljø, Sergej Donskoj.

Donskoj besøker Oslo  søndag og måndag 27.-28. november. Han innleiar besøket med eit møte søndag med klima- og miljøminister Vidar Helgesen om det bilaterale miljøsamarbeidet. Måndag møter han olje- og energiminister Tord Lien for å ha samtalar under Energidialogen om petroleumsverksemda i nordområda og andre saker av felles interesse. Måndag møter Donskoj også næringsminister Monica Mæland for å diskutere det økonomiske samarbeidet og arbeidet i den norsk-russiske regjeringskommisjonen for økonomisk, industrielt og forsknings- og teknologisamarbeid. 

Pressekontaktar i samband med besøket: OED: kommunikasjonsrådgjevar Ella Bye Mørland (tlf. 93268350),NFD: kommunikasjonssjef Trond Viken (tlf. 99218303), KLD: kommunikasjonssjef Jon Berg (tlf. 90569495).

Tysdag 29. november

Olje- og energiminister Tord Lien besøkjer Skogn saman med statsministeren og fiskeriministeren. Det vert presentasjon av regjeringa sin bioøkonomistrategi og nedlegging av grunnsteinen for Biokrafts nye biogassfabrikk.

Tid: 11.30.

Stad: Sjøvegen 108, Skogn.

For meir informasjon, kontakt kommunikasjonsrådgjevar  Håkon Smith-Isaksen på telefon 415 73 500.

Onsdag 30. november

Olje- og energiminister Tord Lien mottar den nye OG21-strategien og held innlegg under OG21-forum i Oslo.

Tid: 09:25.

Stad: Radisson Blu Scandinavia Hotel i Oslo.

For meir informasjon, kontakt pressevakta på telefon 415 73 500.

Torsdag 1. desember

Olje- og energiminister Tord Lien held innlegg under Desemberkonferansen i Kristiansund.

For meir informasjon, kontakt pressevakta på telefon 415 73 500.