Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Tord Lien sin kalender for veke 6

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Torsdag 11. februar

Olje- og energiminister Tord Lien vitjar Sleipner-plattforma saman med Maroš Šefčovič, EUs visepresident for Energiunionen.

Seinare same dag vitjar statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde,  Šefčovič og EØS- og EU-minister Elisabeth Aspaker Kvilldal kraftverk i Suldal i Rogaland.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Ella Bye Mørland, tlf. 993 26 350.

Fredag 12. februar

Olje- og energiminister Tord Lien held innlegg på Oslo Energy Forum sin ministersesjon på Holmenkollen Park Hotel. I same sesjon skal også visepresident i EU sin Energiunion Maroš Šefčovič og Minister of State i energi- og klimadepartement i Storbritannia Andrea Leadsom halde innlegg.  Kl. 10.20 vil det bli halde ein pressekonferanse på konferansehotellet.

Frå kl. 14.30-15.30 skal det vere eit ope seminar med olje- og energiminister Lien og visepresident Maroš Šefčovič på Litteraturhuset i Oslo.

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Ole Berthelsen, tlf. 930 26 847 og kommunikasjonsrådgjevar Ella Bye Mørland, tlf. 993 26 350.