Historisk arkiv

SMS og brev som tiltak for å få opp valdeltakinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

SMS-varsling til tilfeldige veljarar og brev til veljarar med innvandrarbakgrunn er testa som tiltak for auka valdeltaking under stortingsvalet 2017. Prosjektet er gjennomført av Institutt for samfunnsforskning på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Det er viktig for demokratiet med høg valdeltaking. Med desse forsøka ønskjer departementet å finne ut om alternative tiltak verkar for å få fleire veljarar til valurnene, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

Målgruppene for dei ulike tiltaka har vore veljarane samla sett, veljarar med innvandrarbakgrunn og unge veljarar.

 Forsøka er gjorde ved å sette inn to ulike tiltak på ulike grupper veljarar. Samstundes har vi hatt ei kontrollgruppe. Eksperiment- og kontrollgruppe er trekt frå det elektroniske manntalet.

Tiltaka Kommunal- og moderniseringsdepartementet står bak er:

  1. I løpet av den siste veka før valet blei det sendt ut totalt 200 000 SMS-meldingar til eit tilfeldig utval av veljarar med ei påminning om valet og oppfordring til å delta. Avsendar har vore valg.no. og Oslo kommune. 
  2. Totalt 36 500 tilfeldig utvalde veljarar med innvandrarbakgrunn er inndelt i fire grupper, som kvar har fått brev frå Valdirektoratet med noko ulik bodskap.

Det er tilfeldig kva veljarar som har motteke dei ulike tiltaka. Informasjon om valdeltaking frå manntalet vil bli nytta for å undersøke om, og eventuelt kva tiltak som har betyding for deltakinga. Prosjektet er meld til personvernombodet for forsking. Dataene i prosjektet vil bli anonymiserte, og det vil ikkje vere mogleg å identifisere enkeltpersonar i nokon av resultata.

Prosjektet blir gjennomført av Institutt for samfunnsforskning med Johannes Bergh som prosjektleiar. Dag Arne Christensen, Uni Research Rokkansenteret, og Richard Matland (Loyola University Chicago) er med som forskarar på prosjektet.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00