Presseinformasjon

Statsråd Helgesen til Berlin og London 3.-5. november

EØS/EU-minister Vidar Helgesen reiser denne veka til Berlin og London for å ha politiske samtalar. I London skal han også delta på ein energi-konferanse i regi av The Economist.

Tysdag 3. og onsdag 4. november er EØS/EU-minister Vidar Helgesen i Berlin for politiske samtalar. Tema for møta er først og fremst migrasjonsutfordringane, revisjon av Dublin-forordninga og ny distribusjonsmekanisme. Helgesen vil også ta opp arbeidsmobilitet i Europa og synleggjere norsk innsats for å motverke arbeidsløyse.

I Berlin skal han møte mellom andre statssekretær Günter Krings i Innanriksministeriet, leiaren for forbundskanslaren sitt kontor, Peter Altmeier, den europapolitiske rådgjevaren til Angela Merkel, Uwe Corsepius og parlamentarisk statssekretær for Europa, Michael Roth. Europaministeren deltar også ved utdelinga av Willy Brandt-prisen 2015, som går av stabelen i den norske ambassaden.

Torsdag 5. november skal EØS/EU-minister Vidar Helgesen delta i eit panel under The Economist sitt «energi-toppmøte» i London. Han skal ha ei rekkje politiske samtalar, mellom anna med europaminister David Lidington, immigrasjonsminister James Brokenshire og kampanjeleiar Andy Bagnall i CBI. Helgesen skal også møte tidlegare handelskommissær i Europakommisjonen, Lord Peter Mandelson.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.