Historisk arkiv

Vil skape fleire møteplassar for ungdommar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Regjeringa tildeler i underkant av 43 millionar kroner til norske storbyar for å skape nye møteplassar for barn og unge. Pengane løyvast gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, med føremål om å utvikle tiltak som er med på å hindre barn og unge i å falle utanfor.

– Eg er utruleg glad for å sjå at byane ynskjer å styrke tilbodet av møteplassar for barn og ungdom ytterlegare. Desse storbymidlane vil føre til at barn og ungdom i byane får gode møteplassar og trygge arenaer når dei er saman, seier barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse.

Gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn (Storbymidlane) vert det tildelt rundt 43 millionar kroner i 2020. Ettersom deler av løyvinga er bunde opp av allereie tildelte midlar i 2018 og 2019, vart det løyva 13,84 mill. kroner til nye søknadar i år.

Målgruppa er barn og ungdom i alderen 10 til 20 år med spesielle behov, særlege ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Målet med tilskotsordninga er å bidra til å betre oppvekst- og levekår for barn og ungdom. Tilskota skal bidra til etablering eller vidareutvikling av opne møteplassar i dei utvalde bykommunane/bydelane.

Ein open møteplass er ein sosial arena der barn og ungdom frå alle sosiale lag kan møtast og delta på like vilkår. Møteplassen skal leggje til rette for inkludering, hindre utanforskap og gi tilbod til dei som ikkje går på fritidsaktivitetar.

Møteplassen er eit lågterskeltilbod, kor det ikkje stillast krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er mogleg ha låge eller ingen kostnadar for deltakarane.

– Over 100.000 barn i Noreg veks i dag opp i familiar med låginntekt, og omfanget har vært aukande sida 2001. Fritidsaktivitetar speler ei utruleg viktig rolle i barnas liv, og det å ha trygge møteplassar med vaksne tillitspersonar kan ha stor betyding for utviklinga til barn og unge, seier Lindtveit Røse.

Byane som er omfatta av ordninga er Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Tromsø, Drammen, Skien, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø, Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg, Halden, Moss, Hamar og Gjøvik.

Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som forvaltar tilskotsordninga på vegner av Barne- og familiedepartementet. Sjå kven som har fått tilskot i Bufdirs oversyn over tilskotsordninga.