Sør-Fron - Motsegn til kommunedelplanar for Hundorp og Harpefoss (val av vegline E6)

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Avgjersle i motsegnssak 27.02.02

Sør-Fron kommune - Motsegn til kommunedelplanar for Hundorp og Harpefoss. K-sak nr 33/00

Vi viser til fylkesmannen sin ekspedisjon hit av 05.07.2001.

Saka er i samsvar med plan- og bygningslova §20-5, femte ledd sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd, fordi Statens vegvesen, Vegsjefen i Oppland har motsegn mot valet av alternativ 10 som linje for ny Ev 6 på strekninga Prestmoen – Nord-Fron grense i kommuneplan for Harpefoss og i delar av kommuneplan for Hundorp.

Departementet godkjennerkommunedelplanane for Hundorp og Harpefoss i samsvar med kommunen sitt vedtak av alternativ 10 på strekninga Prestmoen – Nord-Fron grense. Meirkostnadene for det lengre alternativet er ikkje så vesentlege eller vil medføra slike utsetjingar for gjennomføringa av ny Ev 6 gjennom Gudbrandsdalen at det er grunn til å setja kommunen sitt vedtak til side. Motsegna frå Statens vegvesen Oppland er etter dette ikkje teken til følgje.

Bakgrunn for saka:

Planlegginga av ny Ev 6 gjennom Gudbrandsdalen har gått føre seg sidan 1960-åra.

Miljøverndepartementet fatta ei avgjerd i ei sak med motsegn til lineføringa for ny Europaveg 6 gjennom kommunen i det aktuelle område i 1993. I samsvar med departementet si oppmoding i avgjerda, har kommunen utarbeidd utkast til kommunedelplanar med tre alternativ for hovudvegen, alt. 1B, alt. 10 og alt 12. Kommunen gjennomførte ein grundig planprosess med aktiv deltaking frå Statens vegvesen, fylkeskommunen og fylkesmannen.

Statens vegvesen, Vegsjefen i Oppland gjekk inn for alt. 12 på strekninga Frya til Prestmoen, og alt. 1B vidare fram til Nord-Fron grense. Vegvesenet reiste 12.07.96 motsegn til alle andre alternativ. Motsegna vart grunngjeve i større veglengde og dårlegare kost/nytte enn i alt. 12. Vegsjefen viste óg til ein ekstra kostnad på 35 mill kroner til ein miljøtunnel under Hundorp gard på strekninga Frya – Prestmoen som døme på at ein tek omsyn til miljø- og kulturverdiar.

Oppland fylkeskommune, hovudutvalet for plan- og samferdslesaker, reiste 20.09.96 motsegn til alt. 1B på strekningen Frya-Prestmoen. Fylkeskommunen gjekk inn for alternativ 10 av miljømessige omsyn og at ein med dette alternativet samlar inngrepa frå veg og jernbane.

Fylkesmannen si miljøvernavdeling reiste 11.07.96 motsegn til alternativa 1B og 12. Avdelinga viser til at alt. 10 på ein betre måte samlar inngrepa. Det er særleg omsynet til kulturlandskap, naturvern og friluftsliv som er vektlagde. Avdelinga har trass i hovudsynet varsla ei mogeleg motsegn til alt. 10 når det gjeld bru over Lågen om denne ikkje kan byggjast utan inngrep i vasstrengen.

Kommunen vedtok i kommunestyret sitt møte 11.10.97 samrøystes kommunedel- planane med unntak av dei områda det knytte seg motsegner til. Mekling hos fylkesmannen førte ikkje til semje med vegsjefen for strekninga Prestmoen – Nord-Fron grense. Dei viktige motsegnene elles vart løyste. Etter dette fatta kommunestyret 27.04.2000 nytt samrøystes vedtak om alternativ 10. Alternativet følgjer jernbanetraseen over ei lengre strekning enn dei andre alternativa, og med kryssing av Lågen lengre vest. Kommunen sine vedtak er grunngjeve med at det er best med samla inngrep i høve til kultur- og naturlandskapet.

Fylkesmannen har i sitt oversendingsbrev til departementet tilrådd at motsegna frå vegsjefen vert teken til følgje. Fylkesmannen legg til grunn at det ikkje er dokumentert så store fordelar med alt 10 at det forsvarer meirkostnadane. Fylkesmannen kan ikkje sjå at det i saka er vist til nasjonale interesser som vert skadelidande i høve til natur og kulturlandskapsinteresser. Fylkesmannen legg vekt på kostnadsskilnaden som no er oppgjeve til 15-16 mill. kr og nytte/kostnadsforholdet. Det er óg uvisse knytt til kryssinga av Lågen.

Synfaring vart halde i området 03.09.2001. Det var med deltakarar frå kommunen, fylkesmannen, fylkeskommunen, vegsjefen, høyringsinstansane og Miljøverndepartementet. Vegdirektoratet og Jernbaneverket deltok saman med Samferdselsdepartementet.

Saka vart sendt på sentral høyring til Riksantikvaren, Direktoratet for naturforvaltning og Samferdselsdepartementet og det er innkome fråsegner frå alle.

Riksantikvaren har i brev av 14.09.2001 tilrådd at vegsjefen si motsegn ikkje bør takast til fylgje. Riksantikvaren gjev støtte til fylkeskommunen sine vurderingar i høve til kulturminne, kulturmiljø og landskapsbilete. Direktoratet saknar ein meir konkret gjennomgang av eit 0-alternativ.

Direktoratet for naturforvaltning meiner i si høyringsfråsegn av 14.09.2001 at kommunen sitt omleggingsalternativ for E6 tek best vare på viktige miljøpolitiske mål og gjev minst negative verknader i høve til kulturlandskap, landskapsbilete, naturmiljø og friluftsliv. Direktoratet vurderer ikkje bruløysinga over Lågen som så krevjande at det bør påverka valet. Direktoratet tilrår at motsegna ikkje vert teken til følgje.

Samferdselsdepartementet tilrår i sin høyringsfråsegn av 02.10.2001 at motsegna vert teken til følgje. Departementet legg vesentleg vekt på at vegsjefen sitt alternativ inneber ein lågare kostnad og ein kortare trasé som gjer samfunnsøkonomisk høgre nytte. Meirkostnader til bru over elva er óg viktig. Departementet viser til at landbruksinteressene kommer dårlegare ut og at talet på støypåverka bustader vert høgare i kommunen sitt alternativ.

Miljøverndepartementet har desse merknadene:

Konflikten gjeld val av line for E6 gjennom størstedelen av Sør-Fron kommune.

Det vart reist tre motsegner mot dei ulike alternativa for vegen på strekninga Frya – Nord-Fron grense. Tidleg vart det semje om strekninga Frya – Prestmoen. Kommunestyret vedtok ein kombinasjon av alternativ i samsvar med tilrådingar frå fylkeskommunen og miljøvernavdelinga hos fylkesmannen. Den gjenverande konflikten er difor knytt til strekninga frå Prestmoen til Nord-Fron grense. Strekninga er på ca 9 km og er kostnadsrekna med nyare tal frå vegkontoret til omlag 130 mill. kr for kommunen sitt alternativ 10 og omlag 115 mill. kr for vegsjefen sitt alternativ 1B.

Kommunen sitt alternativ føreset ei kryssing av Lågen. Miljøvernavdelinga har varsla motsegn til dette om brua rører ved vasstrengen slik at storauren sitt gyteområde vert påverka. Statens vegvesen har rekna ut at meirkostnadene med ei bru som ikkje rører vasstrengen vil vera 25-35 mill. kr. Direktoratet for naturforvaltning peikar på at ein må finne ei løysing helst utan pilarar eller med pilarar som ikkje vesentleg påverkar dei naturlege endringsprosessane i vasstrengen. Departementet ser her at det ligg til rette for å finne rimelegare alternativ for kryssinga.

I Norsk veg- og vegtrafikkplan 1990-93 vart det slått fast som eit langsiktig mål at vegen skulle få motorvegstandard. Samstundes vart det tidlegare trasévalet vurdert på nytt i høve til nyare syn på naturvern- og friluftsinteresser. I ei utgreiing i 1996 for strekninga Frya - Otta på 50 km er utviklinga av Ev 6 som ein viktig nasjonal stamveg omtalt og god samfunnsøkonomisk nytte er eit viktig mål. Kostnadene for heile denne strekninga er rekna til omlag 1 mrd. kr. I eit brev til Miljøverndepartementet i 1996 i samband med strekninga Vinstra – Kvam har Samferdselsdepartementet kome med ei utdjuping til lønsemda i det samla Ev 6-prosjektet Frya – Otta. Departementet finn det her usikkert både "om og når prosjektet bør realiseres med de planer som er i dag" når lønsemda berre er 0,4 – 0,5 i samfunnsøkonomisk nytte.

I Stortingets vedtak av Nasjonal transportplan 2002-2011 vart det ikkje sett av midlar til større strekningsvise investeringar i Gudbrandsdalen i første fireårsperiode. Det som står att er at Vegdirektoratet sette fram forslag om 200 mill kr til tiltak i siste del av perioden i handlingsprogrammet for stamvegnettet. Direktoratet vil leggja opp til ei nærare planlegging av aktuelle tiltak og strekninger ved revisjon av Nasjonal transportplan 2002-2011.

Miljøverndepartementet kan etter dette ikkje sjå at det ligg til rette for ei rask gjennomføring av ny E6 i Gudbrandsdalen på strekningen Frya – Otta. Med dei trafikktala som ein kan forventa synes målet om ei høg samfunnsøkonomisk nytte å vere vanskeleg å nå, noko som viser seg i dei budsjettmessige prioriteringane.

Når det gjeld trasévalet vil Miljøverndepartementet leggja vekt på verdiane i kultur- og naturlandskapet og ein langsiktig god løysing.

Gudbrandsdalen har eit samanhengande kultur- og naturlandskap med tett busetjing. Fleire av områda har høg nasjonal verdi. Departementet har merka seg at det er teke omsyn til dette på strekninga Frya – Prestmoen, kor den tidlegare konflikten er løyst med ein tunnel under Hundorp gard, det historiske setet til Dale-Gudbrand og eit område med freda kulturminner.

På strekninga Prestmoen – Nord-Fron grense vil dei første 6 km frå Prestmoen til Harpefoss skule etter vegvesenet sitt alternativ 1B kryssa Lågen og gå i eit landskap på sørsida av elva som er fritt for større tekniske inngrep. Samstundes vil lina vere særs synleg som eit nytt inngrep frå heile den motsette dalsida kor hovuddelen av busetjinga og hovudferdsla er i dag.

Kommunen sitt vedtekne alternativ 10 går parallelt med jernbanen frå Prestmoen og nordover, og med eit avgrensa innsyn frå busettinga på Hundorp og dei tettfolka områda. Vidare går veglina nærare noverande næringsområde. Fylkeslandbruksstyret hadde ikkje vesentlege merknader til denne løysinga. Utgreiingane syner at dei bustadhusa som ligg nær ved, vil få ei tilfredsstillande skjerming mot støy ved lokale tiltak. Løysinga legg til rette for ei anna strategi for arealbruk i framtida enn alternativ 1B på vestsida av Lågen.

Samordninga av veg og jernbane avgrensar det nye tekniske inngrepet til det området i dalen som til no er mest prega av tidlegare inngrep. Samstundes bryt ikkje samordninga vesentleg med landskapsverdiane i same området. Departementet finn at både høve til kulturlandskapet og landskapsestetiske verdiar vert best suta om i kommunen sitt val.

Departementet kan ikkje sjå at det er vesentlege nasjonale interesser som gjer grunnlag for å setja kommunen sitt vedtak til side.

Vedtak:

I medhald av §20-5, femte ledd i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 godkjenner departementet Sør-Fron kommunestyre sitt vedtak i møte den 27.04.2000 av alternativ 10 i kommunedelplanane for Hundorp og Harpefoss.

./.Det godkjende plankartet følgjer vedlagt med påteikning om godkjenninga. [Ikkje på Internett]

Departementet finn etter det opplyste at kommunedelplanane er handsama i samsvar med føresegnene i plan- og bygningslova, og at saksbehandlinga ikkje gir grunn for merknader.

Om kunngjering av endeleg arealdel til kommuneplan viser vi til reglane i plan- og bygningslova § 20-5, åttande ledd.

Med helsing
Børge Brende

Vedlegg: [Ikkje på Internett]
*Det godkjende plankartet med påteikning om godkjenninga
*Fråsegner som Miljøverndepartementet har innhenta frå Riksantikvaren, Direktoratet for naturforvaltning og Samferdselsdepartementet

Kopiar:
Sør-Fron kommune, Oppland fylkeskommune, Statens vegvesen-Vegsjefen i Oppland, Riksantikvaren, Direktoratet for naturforvaltning, Samferdselsdepartementet