Opning av nytt studieår ved Høgskolen i Vestfold
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 19.08.1999
Kirke-, undervisnings- og forskningsminister Jon Lilletun
Opning av nytt studieår ved Høgskolen i Vestfold
Eik idrettshall, 19. august 1999
Gode studentar og tilsette ved Høgskolen i Vestfold.
Fyrst må eg få takke for invitasjonen til denne semesteropninga her ved Høgskolen i Vestfold. Eg vonar de alle har hatt ein fin sommar, og no er klare for nye utfordringar.
Vestfold er det minste fylket i Noreg når me ser bort frå Oslo. Tross storleiken peiker så vel mellomalderkyrkjer som kongesagaene på den leiande posisjonen området har hatt opp gjennom Noregshistoria. Men eit samfunn kan ikkje kvile på gamle laurbær. Det må sjølv aktivt vere med å forme så vel notida som framtida. Eg trur at Høgskolen i Vestfold vil bli vurdert som ein særs viktig aktør når framtidig Vestfoldhistorie skal skrivast.
I desse dagar byrjar eit nytt studieår ved våre høgskolar landet rundt. Fleirtalet av studentane ved Høgskolen i Vestfold vil i månadene framover tilbringe mykje tid i høgskolen sine moderne lokaler på studiestaden Borre. Borre ligg, som kjent er, berre ein liten sykkeltur frå Edvard Munch sin sommarresidens i Åsgårdstrand, der vår kjente kunstnar henta inspirasjon til å male Pikene på bryggen og andre flotte bilete. Det er å håpe at så vel studentar som tilsette på samme vis vil kunne hente inspirasjon for eit nytt studieår.
Eg ser at høgskolen på vevsida si reklamerer med flest soldagar i året. Men her på høgskolen er det ikkje berre sola som varmar. Departementet har latt seg imponere av den jobben høgskolen gjer. Til dømes fører høgskolen ein førebiletleg forskings- og utviklingspolitikk. Oppdragsverksemda ved skolen avspeglar ein særs høg aktivitet. Vidare vil studentane møte ein høgskole med ei fagleg breidd som strekk seg frå humaniora til teknologiske fag. Her finst sjukepleiar- og lærarutdanning, samfunnsfagleg utdanning så vel som ingeniør- og maritim utdanning.
Institusjonane i Noregsnettet har eit sjølvstendig ansvar for å samarbeide og utfylle kvarandre i sine faglege aktivitetar. Slikt samarbeid er organisert gjennom Det norske universitetsråd og Det norske høgskolerådet. På bakgrunn av innstillingar frå Noregsnettutvala har departementet tildelt Høgskolen i Vestfold knutepunktsfunksjonar i maritim drift og innanfor praktisk og teoretisk arbeid med pedagogiske tekstar. For dei av dykk som ikkje kjenner til omgrepet knutepunktsfunksjon er det på sin plass med ei kort forklaring:
Knutepunktfunksjonar er eit viktig element i Noregsnett-tankegangen og ordninga er grunngjeve i behovet for utvikling av sterke faglege miljø med ansvar utover eigen institusjon. Departementet gjev høgskolar knutepunktsfunksjonar anten på grunnlag av sterke fagmiljø innanfor bestemte område eller fordi studietilboda deira er unike i nasjonal samanheng. Høgskolane skal altså fungere som nasjonale pådrivarar innanfor fagområda dei er tildelt knutepunktsfunksjon i.
Vestfold har rike sjøfartstradisjonar heilt tilbake til vikingtida. Kven av oss kjenner ikkje til Gokstad- og Osebergskipet -eller frå nyare tid; Nansen si polarskute Fram, bygd i Larvik. Få fylke har tradisjonar og røynsle på dei sju hav som Vestfold. Men det var sjølvsagt ikkje bragder i fortida som førte til at Høgskolen i Vestfold, som allereie nemnt, blei tildelt knutepunktsfunksjon i maritim drift, men høgskolen si vidareføring av denne sjøfartstradisjonen. I fjor løyvde Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 4,4 millionar kroner slik at maskinlaboratoriet ved Avdeling for maritim utdanning skulle bli eit fullverdig skipsmaskinrom. Dette laboratoriet vil vere i drift frå denne hausten av. Eg vil ønskje studentar og fagpersonell ved Avdeling for maritim utdanning lykke til med drifta av laboratoriet.
Men det er fleire som byggjer i Borre. Det er gledeleg å sjå at det nye helsefagbygget står ferdig til skolestart. Dette medfører at sjukepleiarstudentane no blir integrerte med dei andre studentane på studiestaden Borre, noko som til dømes gjev gode høve for samarbeid på tvers av avdelingsgrensene. Men ikkje minst vil etableringa medføre ei betre kjønnssamansetning av både student- og lærarmassen til glede og inspirasjon for alle partar. Eg vil også håpe at dei nye lokala vil verke inspirerande for forskinga innan førebyggjande og helsefremjande arbeid, som og er eit fagfelt som høgskolen satsar spesielt på. Vidare har eg merkt meg at helsefagbygget inneheld nye store auditorium med det siste innan avansert multimedieutstyr, noko eg reknar med at alle avdelingar ved høgskolen vil kunne nyte godt av.
Det er mange gode grunnar for å velje ingeniørutdanning ved Høgskolen i Vestfold. Til dømes tidsmessige lokale, velutstyrte laboratorium og mange datamaskiner – alle kopla til Internett. Eg er også kjend med at høgskolen har god kontakt med næringslivet i Vestfold som på mange område representerer eit teknologimiljø av høg klasse.
Eg vil nytte høvet til å gratulere høgskolen si avdeling for samfunnsfag med tildelinga av mellomfagsutdanning i historie. Tildelinga er ein honnør for eit sterkt fagleg miljø. For dykk studentar vil dette innebere at de kan gå frå grunnfag og mellomfag ved høgskolen direkte til hovudfag ved universiteta.
Ein annan del av høgskolen si profilering er knytt til eit sterkt forskingsmiljø ved avdeling for lærarutdanning. Høgskolen har uttalt at lærebok- og læremiddelforsking ved lærarutdanninga skal lyftast som forskingsfelt i samarbeid med eksterne aktørar. Dette er i tråd med departementets intensjonar med knutepunktsfunksjonane; Høgskolen i Vestfold er som allereie nemnt tildelt knutepunktsfunksjon innanfor praktisk og teoretisk arbeid med pedagogiske tekster.
Dessverre har det vore ei nedgang i talet på søkjarar til lærerutdanninga over heile landet. Dette har Høgskolen i Vestfold også merkt. Til dei av dykk som har teke det val å starte på ei lærarutdanning, det vere seg allmennlærar- eller førskolelærarutdanning, vil eg seie at de, når utdanninga er fullført, vil ha ei særs viktig rolle i samfunnet - læraryrket handler jo om å ta vare på og bringe vidare haldningar og tradisjonar samfunnet har opparbeidd gjennom generasjonar.
Til orientering skal departementet no leggje fram ei melding for Stortinget om korleis betre rekrutteringa til førskolelærar- og allmennlæraryrket. Denne rekrutteringsmeldinga vil ta for seg heile lærarrolla og sjå på kva som kan gjerast for å betre arbeidsforholda og rammefaktorane i skolen slik at det bli meir attraktivt å utdanne seg til lærar. Det er mitt mål at læraryrket på nytt skal få allmenn status som viktig, verdifullt og interessant, i den grad det måtte ha mist denne statusen.
Høgskolen i Vestfold er ein statleg høgskole, og rammene for verksemda i sektoren vert i stor mon lagde på sentralt hald. Difor er det også av interesse, kva planar og visjonar sentrale styremakter har for dei statlege høgskolane.
1999 er på mange måtar eit hendingsrikt år i høgre utdanning, når det gjeld å nå regjeringa sine utdanningspolitiske mål.
Regjeringa har lagt fram for Stortinget ei melding om forsking. ”Forskning ved et tidsskille” har vi vald å kalle ho for å syne at det er naudsynt med nye grep for å sikre næringsutvikling om Noreg også i framtida skal fortsette å vere ein velferdsnasjon. Her er auka satsing på forsking eit av verkemidla. Regjeringa vil auke forskingsinnsatsen i heile det høgre utdanningssystemet – også i det statlege høgskolesystemet. Dei statlege høgskolane har ei særskild oppgåve når det gjeld kompetanseutviklinga og innovasjonsverksemda innanfor offentleg og privat sektor i regionane. Men høgskolane skal ikkje berre tene lokale behov. Innanfor visse fagområde og utdanningar kan høgskolane ha eit nasjonalt ansvar for å halde høgaste kvalitet når det gjeld undervisning og forsking – til dømes gjennom tildeling av knutepunktsfunksjon, som eg allereie har omtalt.
Regjeringa er særs glad for at den første statlege høgskolen no i sommar fekk retten til å tildele doktorgrad. Regjeringa legg stor vekt på at retten til å tildele doktorgrad skal vere basert på det faglege nivået ved institusjonen og ikkje automatisk fylgje skiljet mellom statlege høgskular på den eine sida og universitet og vitskaplege høgskular på den andre. Det er eit solid vitnesbyrd om kompetansen ein finn i den statlege høgskolesektoren, at Stavanger no har fått denne retten, og det er god von om at og høgskulane i Agder og Bodø i nær framtid vil få retten til å tildele doktorgrad.
Det er ei overordna utdanningspolitisk målsetjing for regjeringa å auke det lokale handlingsrommet til institusjonane slik at dei raskt kan tilpasse seg stendig nye og endra behov for kompetanse i sine nærområde. Stortinget har i vår vedteke regjeringas framlegg til endring i universitets- og høgskolelova slik at institusjonane no har høve til å drive forsøksverksemd både når det gjeld det pedagogiske og det organisatoriske feltet. Det er regjeringa sitt ynskje at institusjonane tek denne relativt vide lovheimelen aktivt i bruk for å stimulere lokale prosjektidéar med omsyn til fagleg innhald, arbeidsformer og organisering. Slike forsøk kan gje røynsler som heile eller delar av den høgre utdanningssektoren kan ha nytte av. Eg tenkjer då særleg på dei utfordringane vi står overfor når det gjeld å gjere institusjonane i høgre utdanning meir fleksible og omstillingsdyktige i høve til dei nye behova som ikkje minst spring ut av kompetansereforma.
Både den enkelte utdanningssøkjar og arbeidslivet møter høgskolar og universitet med stadig høgare krav til kvalitet og relevans i studietilboda. Skal den enkelte institusjonen kunne hevde seg i konkurransen, må han ha evne og fridom til å drive omstillings- og nyskapingsarbeid og såleis tilpasse seg endra behov for utdanning regionalt og nasjonalt. Ei arbeidsgruppe med medlemmer frå sektoren har vurdert om det er fagsaker som i dag vert avgjorde av departementet som kan delegerast til høgskolar og universitet. Arbeidsgruppa leverte sin rapport 9. juli, og departementet støtter forslaga frå fleirtalet i arbeidsgruppa. Det inneber m. a. at høgskolar og universitet i løpet av kort tid sjølve vil kunne etablere og leggje ned studietilbod til og med 30 vekttall, altså mellomfag, på cand. mag. nivå. Ein føresetnad for ei slik delegering av avgjerdsmakt frå departementet, er at institusjonane følgjer fastsette rutiner for behovsvurdering, kvalitetssikring og nasjonal samordning.
Dette var eit lite utsyn over kva regjeringa allereie har gjort og tenkjer å gjere for å verkeleggjere dei utdanningspolitiske måla for høgskolesektoren. Dette kan kanskje synast fjernt frå kvardagen til dykk som studentar, men dei politiske rammene for høgskolen sitt virke er viktige også for studentane. Den sitjande regjeringa ynskjer å styrkje høgskolane og gje dei høve til å utvikle seg til handlingsdyktige og attraktive institusjonar i kampen om studentane og dei beste lærarkreftene. Gjennom auka evne til omstilling skal høgskolane i enda større grad kunne ta omsyn til behova som de har som utdanningssøkjarar.
Men den som tek utdanning, tek også på seg ei forplikting. Ho eller han må ikkje gli ned i den makelege rolla som passiv konsument av kunnskap frå eit kateter. Føresetnaden for læring er aktiv innsats og kritisk, også sjølvkritisk, haldning til det ein lærer og yter på studiet.
Til alle studentane, men særleg dei nye vil eg difor seie, nyt og nytt tida som studentar her i Vestfold. Nyt tida i den meining at de no av eige hjarte kan velje kva de vil studere og leggje grunnlaget for kva de vil halde på med seinare i livet. Men studietida er mykje meir enn sjølve studia. Det er ei tid for nye opplevingar – ofte på ein ny stad saman med nye menneske. Eg oppmodar dykk til å bruke naturen og til å delta i studentforeningar og studentaktivitetar. Det er i slikt samspel ein får ny og viktig kunnskap ikkje berre om det ein studerer, men også om seg sjølv. Dette er kvalitetar som er med og gjer oss til heilskaplege menneske.
Men som studentar må de og vite å nytte tida. Det vert stilte store krav til sjølvdisiplin og gjennomtenkt disponering av dagen skal ein henge med på kurs og forelesningar, i gruppearbeid og sjølvstudium. Studia er i fyrste rekkje ei førebuing på arbeidsverda kor kunnskapane de har skaffa dykk, skal vere til gagn for dykk sjølve og for samfunnet.
Til slutt vil eg igjen takke for at eg fikk høve til å vere saman med dykk på denne dagen og eg vil si til dykk alle: lykke til framover og dei beste ynskje om eit lærerikt og inspirerande studieår.
Lagt inn 2. september 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen