Historisk arkiv

Undersøkjer folks haldningar til personvern

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 40/2004
Dato: 18.08.2004
Kontaktperson: Fung. Informasjonssjef Lisa Bang, tlf 2224 4958 eller informasjonsrådgiver Gunn Janne Myrseth, tlf 2224 4857

Undersøkjer folks haldningar til personvern

Moderniseringsminister Morten Andreas Meyer har teke initiativ til ei større undersøking om folks haldningar til og kunnskapar om personvern. Undersøkinga skal gjennomførast i samarbeid med Datatilsynet.

- Det er sju år sidan sist vi i Noreg undersøkte folks kunnskap og holdningar til personvern. Samfunnet har endra seg mykje sidan den gongen, ikkje minst når det gjeld teknologisk utvikling og bruk av personopplysningar. Det er derfor på høg tid at vi igjen spør folk om kva som er viktig for dei når det gjeld å ta vare på deira eige personvern, seier moderniseringsminister Morten Andreas Meyer.

- Utvikling av heil-elektroniske offentlege tenester har høg prioritet i regjeringa. Derfor er det viktig at befolkninga har tillit til at det offentlege syter for god informasjonstryggleik og behandlar personopplysningane på ein føreseieleg og ansvarleg måte, seier Meyer.

Resultata er venta å liggje føre tidleg i 2005, i samband med at Datatilsynet feirar sitt 25-årsjubileum.