Historisk arkiv

Svangerskapspengar til sjølvstendig næringsdrivande

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.: 02069D
Dato: 03.10.02

Svangerskapspengar til sjølvstendig næringsdrivande

Regjeringa fremmer forslag om endringar i folketrygdlova slik at sjølvstendig næringsdrivande kjem inn under ordninga med svangerskapspengar med verknad frå 1. juli neste år.

- Eg meiner det er urimeleg at kvinner som er sjølvstendig næringsdrivande ikkje har denne retten. Konsekvensane av dagens regelverk kan vere at fosteret får eit dårlegare vern når mor er sjølvstendig næringsdrivande enn når ho er arbeidstakar. Økonomi og livssituasjon kan ikkje avgjere fosterets ve og vel. Eit rettferdskrav er innfridd, seier barne- og familieminister Laila Dåvøy.

Gravide får utbetalt svangerskapspengar dersom dei ikkje kan halde fram med det vanlege arbeidet sitt utan at fosteret kan bli utsett for fare. Regjeringa foreslår at svangerskapspengeordninga skal gjelde for sjølvstendig næringsdrivande kvinner med verknad frå 1. juli neste år. Departementet vil fremme ein odelstingsproposisjon med forslag til nødvendige lovendringar. Kostnadene er berekna til 1 million kroner i 2003.

Ei kvinne har rett til svangerskapspengar dersom ho etter reglane i lov eller forskrift blir pålagd å slutte i arbeidet fordi ho er gravid, og det ikkje er mogleg å omplassere henne til anna arbeid i bedrifta. Reglane i dag rettar seg i hovudsak mot arbeidstakarar, og sjølvstendig næringsdrivande kvinner har til no falle utanfor ordninga.

Sjølvstendig næringsdrivande kvinner blir i dag viste til sjukemelding, til å ta ut vanleg fødselspermisjon før fødselen eller til sjølve å bere det økonomiske tapet ved ikkje å kunne halde fram i arbeidet.

BFDs øvrige pressemeldinger om statsbudsjettet 2003