Historisk arkiv

Høringsbrev til høringsnotat om ny organisering for handsaming av søknader om adopsjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Høyringsinstansane

 

Deres ref

Vår ref

Dato

 

03/02583

26. juni 2003

 

Forslag til ny organisering for handsaminga av søknader om adopsjon

Barne- og familiedepartementet sender med dette på høyring forslag til ny organisering for handsaminga av søknader om adopsjon.

Det vert gjort framlegg om at dei fem regionane i den nye statlege organisasjonen for barnevernet og familievernet vert ny førsteinstans ved handsaming av søknader om innan- og utanlandsadopsjon, og at Barne-, ungdoms- og familieforvaltninga (BUFA) vert ny klageinstans i staden for departementet. Kommunen held fram som utgreiingsinstans. Departementet tek sikte på at den nye organiseringa for adopsjonssakene skal gjelde frå 1. januar 2004 samstundes som forvaltningsreforma innan barnevernet og familievernet trer i kraft.

Liste over høyringsinstansane ligg ved. Vi bed om at instansane vurderer om høyringsnotatet bør leggjast fram for underordna organ. Eventuelle merknader til forslaget vert å sende til Barne- og familiedepartementet, Postboks 8136, 0032 OSLO innan 15. september 2003.

Med helsing

Haktor Helland (e. f.)

Lise Gundersby