Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Ein fylkeslege for dei to fylka Oslo og Akershus

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Helsedepartementet

Kongen har i dag i statsråd fastsett at det skal være ein fylkeslege for dei to fylka Oslo og Akershus. Tidspunktet for når ei slik ordning skal tre i kraft, vil bli fastsett av Helsedepartementet.

Pressemelding

Nr.: 5
Dato: 31.01.2003

Ein fylkeslege for dei to fylka Oslo og Akershus

Kongen har i dag i statsråd fastsett at det skal være ein fylkeslege for dei to fylka Oslo og Akershus. Tidspunktet for når ei slik ordning skal tre i kraft, vil bli fastsett av Helsedepartementet.

Vedtaket har bakgrunn i Stortinget si behandling av St. meld. nr. 31 (2000-2001) Kommune, fylke, stat – en betre oppgåvefordeling, som inneber mellom anna at fylkeslegane vart innlemma i fylkesmannsembeta frå 1. januar 2003.

Det har til nå vore ein fylkeslege for kvar av dei to fylka Oslo og Akershus. I følgje endring før nyttår i lov om statleg tilsyn med helsetenesta, kan Kongen bestemme at ein fylkeslege skal ha meir enn eit fylke i sin embetskrets. I lovproposisjonen blei følgjande uttalt: "Når de to fylkeslegene i Oslo og i Akershus integreres i fylkeslegeembetet i Oslo og Akershus, vil det være åpenbart uhensiktsmessig å beholde én tilsynsmyndighet for hvert av de to fylkene. Departementet foreslår derfor hjemmel for at Kongen kan bestemme at én fylkeslege kan ha embetskrets som omfatter mer enn ett fylke."

Dei formelle og praktiske endringane som må gjerast før ordninga kan tre i kraft, tek ein sikte på at skal vera i orden før sommaren.

Kontaktperson: Ragna Hirsch, 22 24 86 74

Til toppen