Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Hepatitt C-utvalget legger frem utredning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Helsedepartementet

Eit utval oppnemnd av Helsedepartementet har frå 15. september 2003 gjennomgått korleis transfusjonssmitte med hepatitt C har vore handtert i helseforvaltninga og helsetenesta. Mandatet definerer perioden 1988-94 som ein kjerneperiode for utvalet.

Pressemelding

Nr.: 20
Dato: 16.3.2004

Hepatitt C- utvalet mest kritisk til mangel på sporingsstrategi og foreslår samordna erstatningsordning.

Eit utval oppnemnd av Helsedepartementet har frå 15. september 2003 gjennomgått korleis transfusjonssmitte med hepatitt C har vore handtert i helseforvaltninga og helsetenesta. Mandatet definerer perioden 1988-94 som ein kjerneperiode for utvalet.

Tingrettsdommar ved Oslo tingrett Ellen Meinich Martens har vore leiar for utvalet. Dei andre medlemene av utvalet har vore overlege Bengt Ekermo ved Linkøping Universitetssjukehus, Sverige, og kommuneoverlege Nils Tore Olsen, Mandal. Sekretær for utvalet har vore utgreiingsleiar Svein Lundevall.

Utgreiinga vart overlevert til statssekretæren i Helsedepartementet i dag.

Det beste anslag ein kan gje for talet på framleis levande transfusjonssmitta med Hepatitt C-virus (HCV) er i storleiksorden 300; av desse er vel ein tredjedel blødarar. Mange av dei smitta er no døde, i all hovudsak av den grunntilstand som gjorde at dei i si tid fekk blodoverføring. Nokre er spontant lækte, andre som resultat av behandling. Ein legg til grunn at smitte ved transfusjon ikkje har skjedd for blødarar frå 1989 og for andre frå 1993. Det vert framleis oppdaga personar som er smitta før denne tid, men som ikkje er konstatert smitta tidlegare.

Utvalet gjev vurderingar av det som har skjedd og ikkje skjedd, og tilrådingar framover. Utvalet drøftar i kva grad nokre tiltak kan vere sett i verk i seinaste laget, som t.d. virusinaktivering av blødarpreparat i tida 1987-88 og regime for testing av blod i tida 1991-92. Ein avgrensar seg likevel til å gje kritikken eintydig form på følgjande punkt:

  1. Mangel på ein medviten sporingsstrategi for mogeleg transfusjonssmitta med Hepatitt C, og korleis dei skulle følgjast opp av helsevesenet. Denne kritikken råkar primært aktørane i 1992-93, men også aktørane i alle mellomliggande år fram til mai 2003.
  2. Forseinka innføring av dobbel virusinaktivering av blødarprodukt i tida 1996 – 99 for å forhindre smitte med andre virus.
  3. Ein peikar også på svake rutinar for ansvarsoverføring mellom ulike sentrale helseforvaltningsorgan inklusiv underliggande fagråd. Ein finn også at departementets rolle har vore vel anonym.

Konstateringstidspunktet for smitte avgjer kva for ei erstatningsordning ein kjem inn under. Det gjev vilkårlege og urimelege utslag når det gjeld erstatningsutmålinga. Ein kritiserer ikkje korleis dei ulike instansar har forvalta erstatningsordningane gitt dei rammer dei har hatt.

Utvalet merkar seg at blodbankmiljøet i lengre periodar aktivt har teke eit nasjonalt samordnande fagleg ansvar. Dette kan ha verka til at det i Noreg har blitt innført mindre virussmitte ved transfusjon i dei siste 20-30 åra enn i mange andre land.

Dei mange lovendringar og institusjonelle endringar det siste tiåret kan ha hatt gunstige effektar, men m.a. følgjande tilhøve må etter utvalet si oppfatning likevel ha særskilt oppfølging framover:

  1. Alle som fekk blod eller blodkomponentar før 1993 må verte oppmoda om å teste seg for Hepatitt C. Det må lagast ein strategi, slik at ein er rimeleg sikker på å nå alle.
  2. Det bør innførast ei ny erstatningsordning gjeldande alle som er transfusjonssmitta med HCV bygt på Norsk Pasientskadeerstatning sine grunnprinsipp. Dette inneber at ein del erstatningssaker må takast opp att.
  3. Prosedyrar for overføring av informasjon, tilrådingar og ansvar, inklusiv arkiv- og rapportplikt, mellom sentrale helseinstansar må bli klårare.
Til toppen