Historisk arkiv

Harmonisering av lover i arbeidslivet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Moderniseringsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 14/2005
Dato: 18.03.05
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Finn Melbø, t. 2224 4880

Harmonisering av lover i arbeidslivet

Regjeringa vil harmonisere stillingsvernreglane i arbeidslivet i tråd med innstillinga frå Arbeidslivslovutvalet. Forslaget inneber at det i stor grad vil gjelde same ordningar for offentleg og privat tilsette. - I eit moderne arbeidsliv er det ein fordel både for den enkelte og samfunnet at arbeidstakarane i løpet av livet vekslar mellom å jobbe i offentleg og privat sektor. På den måten kan næringsliv og offentleg sektor dra gjensidig nytte av kvarandre, samtidig som den samla kompetansen aukar, seier moderniseringsminister Morten Andreas Meyer.

Regjeringa foreslår for Stortinget at det ikkje lenger skal vere eigne reglar for stillingsvern for tenestemenn i staten. - Heile 90 prosent av dei som får ventelønn er over 50 år. Den gode inntektssikringa gjennom ventelønn har gjort at det er dei eldre som altfor ofte har måtta vike plassen ved omstilling og nedbemanning. Det blir foreslått romslege overgangsordningar, slik at alle som har planlagt tilværet ut frå dagens ordningar skal komme godt ut, seier Meyer.

Regjeringa la i dag fram ein odelstingsproposisjon om ny lov om statens embets- og tenestemenn. Proposisjonen omfatter oppheving av tenestemannsloven som gjeld i dag og ei harmonisering av stillingsvernet for statstenestemenn med arbeidslivet elles. Dei fleste av dagens reglar om embetsmenn er uendra, samtidig som det blir foreslått nye forenkla reglar om rekrutteringsprosessen i staten. Tilsetjingar i staten blir då meir i tråd med praksis i andre delar av arbeidslivet.

Statsråd Meyer føreset at den nye lova om statens embets- og tenestemenn skal tre i kraft samtidig med ny arbeidslivslov. Reglane som gjeld embetsmenns rettsstilling vil ikkje bli endra.