Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

2 nye underdirektørar i Olje- og energidepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 08/04
Dato: 06.02.04

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

To nye underdirektørar i Olje- og energidepartementet

I statsråd i dag vart det utnemnd to nye underdirektørar i OED:

Prosjektleiar William Frank Christensen vart utnemnd til underdirektør i Olje- og energidepartementet.

Førstekonsulent Sverre Brimsøe Bjelland vart konstituert som underdirektør i Olje- og energidepartementet for eit tidsrom på inntil 3 år.

William Frank Christensen er 40 år sivilingeniør fra NTH. Han har brei erfaring både frå Olje- og energidepartementet og utanfor departementet, mellom anna frå Institutt for energiteknikk, EU-kommisjonen og EFTA. Christensen skal gjere teneste som leiar av Oljekontor II i Oljeseksjonen i Utvinnings- og marknadsavdelinga.

Sverre Brimsøe Bjelland er 28 år cand.jur. fra Universitetet i Bergen frå 2000. Han har vore tilsett i Olje- og energidepartementet sidan juni 2001. Bjelland skal gjere teneste i Petroleumsjuridisk seksjon i Petroleumsavdelinga.

Til toppen