Historisk arkiv

Samferdselsdepartementet: Anders Rosenhayn Hovdum konstituert som underdirektør

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Anders Rosenhayn Hovdum, Oslo, er i statsråd i dag konstituert som underdirektør i Samferdselsdepartementet, der han skal arbeide i Seksjon for trafikktryggleik og beredskap. (28.11.03)

Pressemelding

Nr.: 134/03
Dato: 28.11.03

Samferdselsdepartementet: Anders Rosenhayn Hovdum konstituert som underdirektør

Hovdum -lite.jpg alt:Anders Rosenhayn Hovdum, Oslo, er i statsråd i dag konstituert som underdirektør i Samferdselsdepartementet, der han skal arbeide i Seksjon for trafikktryggleik og beredskap.

Han er 43 år, cand. polit. frå 1991 og er no underdirektør og leiar av Tilsynsseksjonen i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Anders Rosenhayn Hovdum blei i 1991 tilsett som konsulent i det dåverande Direktoratet for sivilt beredskap. Han arbeidde først som konsulent og var så førstekonsulent og rådgivar, inntil han i 2000 blei tilsett som underdirektør.

-------

Seksjon for trafikktryggleik og beredskap, i Samferdselsdepartementet, samordnar og styrer departementet sitt arbeid med sivil beredskap og tryggleik på tvers av dei ulike transportformene.

I tillegg arbeider seksjonen med utgreiing, analyser og politikkutforming i tilknytning til vegtrafikk og med saker etter vegtrafikkloven, bilverkstadloven og "Lov om forebyggende sikkerhetstjeneste".

Seksjonen leier og samordnar dessutan Transportberedskapsorganisasjonen (TBO) og departementet sitt internasjonale arbeid innan vegtrafikk og sivil beredskap.