Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Samferdselsdepartementet: Anders Buttedahl ny ekspedisjonssjef og leiar av Plan-, økonomi- og administrasjonsavdelinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Anders Buttedahl er i statsråd i dag utnemnd til ekspedisjonssjef i Samferdselsdepartementet, der han skal leie Plan-, økonomi- og administrasjonsavdelinga. (19.11.04)

Pressemelding

Nr.: 148/04
Dato: 19.11.0

Samferdselsdepartementet: Anders Buttedahl ny ekspedisjonssjef og leiar av Plan-, økonomi- og administrasjonsavdelinga

Anders Buttedahl er i statsråd i dag utnemnd til ekspedisjonssjef i Samferdselsdepartementet, der han skal leie Plan-, økonomi- og administrasjonsavdelinga.

Anders Buttedahl er 42 år, er utdanna som siviløkonom frå 1987, og han arbeider no som spesialrådgjevar i Innanriksavdelinga ved Statsministerens kontor.

Frå 1987 til 1990 var han tilsett i Finansdepartementet, først som konsulent og seinare som førstekonsulent. Frå 1990 til 1991 arbeidde han som controller hos Kværner Engineering. I perioden 1991-2000 arbeidde han i Finansdepartementet, først som rådgjevar og underdirektør, og frå mai 1996 som avdelingsdirektør.

Frå 2000 til 2002 var Buttedahl tilsett som spesialrådgjevar i Økonomisk avdeling ved Statsministerens kontor, og frå 2002 til 2003 arbeidde han som prosjektdirektør i Utdannings- og forskningsdepartementet. Anders Buttedahl har sidan 2003 vore spesialrådgjevar i Innanriksavdelinga ved Statsministerens kontor.

Til toppen