Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

16. mill. meir tildomstolane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Regjeringa vil løyve 16 millionar kroner meir til domstolane i inneverande år. Bakgrunnen er at utgiftene i domstolane har stige meir enn venta, og utan nye pengar ville ein risikere restansar og auka sakshandsamingstid. (30.03.2001)

Pressemelding

Nr.: 53-2001
Dato: 30.03.01

Kontaktperson: Underdirektør Thomas Bettum, 22 24 54 82

16 mill. meir til domstolane

Regjeringa vil løyve 16 millionar kroner meir til domstolane i inneverande år. Bakgrunnen er at utgiftene i domstolane har stige meir enn venta, og utan nye pengar ville ein risikere restansar og auka sakshandsamingstid.

Justisdepartementet legg stor vekt på ei raskare handsaming av straffesaker. Difor må løyvingane til politi, domstolar og fengsel sjåast i samanheng. Om det stoppar opp i eit av ledda i straffesakskjeda, hjelper det lite om sakene handsamast raskt i dei to andre.

Dei 16 millionane til domstolane vert dekkja gjennom reelle innsparingar på justisbudsjettet for 2000.

Til toppen