Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkeskommunen får større ansvar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunesektoren får større handlingsrom, og fylkeskommunen får større ansvar for regional utvikling. Det er sentrale forslag i den nye stortingsmeldinga om fordeling av oppgåver mellom dei ulike offentlege forvaltningsnivåa, som blir lagt fram i dag.

Pressemelding

Nr.: 43/2001
Dato: 30.03.2001

Fylkeskommunen får større ansvar

Kommunesektoren får større handlingsrom, og fylkeskommunen får større ansvar for regional utvikling. Det er sentrale forslag i den nye stortingsmeldinga om fordeling av oppgåver mellom dei ulike offentlege forvaltningsnivåa, som blir lagt fram i dag.

– Vi ønskjer å stimulere det ansvaret som lokale og regionale styresmakter har for eiga utvikling. Regjeringa vil derfor gi kommunar og fylkeskommunar større ansvar og fleire oppgåver, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad.

Regjeringa si reform inneheld fire hovuddelar:

  • Detaljstyringa av kommunesektoren blir redusert.
  • Kommunane blir styrkte og får fleire oppgåver.
  • Fylkeskommunane får større ansvar for samfunnsutviklinga i regionen.
  • Den regionale statsforvaltninga blir tydelegare, betre samordna og meir effektiv.

Stortingsmeldinga presenterer m.a. forenklingar knytt til krava om kommunale handlingsplanar og krava om fagleg kompetanse. Kommunane vil få større handlingsrom når det gjeld tenesteproduksjon, og dessutan meir å seie for forvaltninga av miljø og landbruk.

Styrkinga av fylkeskommunen si regionale utviklingsrolle skjer m.a. ved å overføre hovudansvaret for miljø- og landbruksoppgåver frå fylkesmannen til fylkeskommunen. Fylkeskommunen får også auka ansvar for planlegging, samferdsel, næringsutvikling og kultur. Staten si oppfølging av tenesteproduksjonen i kommunane blir betre samordna ved å integrere fylkeslegen og utdanningskontora i fylkesmannsembetet.

– Målet med ei ny reform er å få til ei betre fordeling av oppgåvene mellom stat, fylkeskommune og kommune, seier Brustad. – Regjeringa meiner det er behov for eit folkevalt regionalt nivå for å ta seg av viktige samfunnsoppgåver. Ved å gi fylkeskommunen fleire utviklingsoppgåver sørgjer vi for at viktige samfunnsoppgåver som er knytt til regional vekst og utvikling, blir underlagt politisk kontroll. Det er både faglege, politiske og demokratiske vurderingar som ligg bak forslaget om å styrkje fylkeskommunen si rolle i den regionale utviklinga. Fylkesmannen skal få ei viktigare rolle med å sjå etter rettstryggleiken. Det er eit poeng for regjeringa å få klarare ansvarsforhold mellom forvaltningsnivåa.

Det blir ikkje foreslått endringar i fylkesinndelinga. Det er i samsvar med prinsippet om at kommunalt sjølvstyre og lokal handlefridom skal liggje til grunn for den statlege styringa av kommunesektoren. Ein reduksjon i talet på fylke bør skje gjennom frivillige prosessar.

Stortingsmeldingen i fulltekst.

Til toppen