Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Ny institusjon skal avgrense energibruken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 91/00
Dato: 21.12.2000

Kontaktperson: Ingvild T. Haug 22 24 61 09

Ny institusjon skal avgrense energibruken

Regjeringa har i dag lagt fram ein odelstingsproposisjon der ein foreslår å etablere eit energifond. Fondet skal brukast til finansiering av satsinga på omlegginga av energibruk og energiproduksjon. Regjeringa vil opprette ein ny institusjon som skal forvalte fondet.

- Vi har no kome eit godt stykke vidare med å samle kreftene i arbeidet med omlegging av energibruk og energiproduksjon. Ein ny finansieringsmodell og ein eigen institusjon skal leggje til rette for ei meir effektiv, målretta og langsiktig satsing, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.

Den nye institusjonen skal overta ansvaret for det arbeid med energiomlegging som i dag er delt mellom NVE og nettselskapa. Gjennom å samle verksemda i ein institusjon, vil ein etablere ei klarere ansvars- og rollefordeling i omleggingsarbeidet. Den nye institusjonen skal arbeide nær marknaden og sjølv kunne velje sine verkemiddel og samarbeidspartnarar. Eit obligatorisk påslag på nettariffen skal saman med midlar over statsbudsjettet sikre meir stabile og langsiktige rammevilkår.

Den nye statlege verksemda skal lokaliserast i Trondheim og vil bli etablert medio 2001. Institusjonen skal være fullt operativt frå 1. januar 2002.

Til toppen