Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Stortingsmelding om norsk deltaking i Europarådet i 2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Den årlege stortingsmeldinga om den norske medverknaden i Europarådet vart godkjend i statsråd den 6. april og tek føre seg hovuddraga dei siste åra i den politiske verksemda og arbeidet for å styrke menneskerettane som Europarådet driv.

Pressemelding

Nr.: 63/01
Dato: 06.04.2001

Stortingsmelding om norsk deltaking i Europarådet i 2000

Den årlege stortingsmeldinga om den norske medverknaden i Europarådet vart godkjend i statsråd den 6. april. Meldinga tek føre seg hovuddraga dei siste åra i den politiske verksemda og arbeidet for å styrke menneskerettane som Europarådet driv. Frå norsk side vert det lagt serskild sterk vekt på Europarådet sitt arbeid med å fremje menneskerettar, demokrati og rettsstatsprinsipp i dei nye medlemslanda frå Sentral- og Aust-Europa.

Utviklinga på Balkan har vore eit viktig emne for Europarådet i 2000. M.a. har det som har hendt i Den føderale republikken Jugoslavia vore viktig. President Kostunica har levert inn ny søknad om medlemskap, og det er blitt bestemt at ved årskiftet skal det opnast eit Europarådskontor i Beograd. Det vert lagt stor vekt på å vere tilstades i Kosovo og overvaking av valet i oktober 2000 var viktig.

Situasjonen i Tsjetsjenia har gjeve grunn til stor uro og otte i Europarådet i 2000. Den kontinuerlege dialogen som vert førd med russiske styresmakter har m.a. resultert i at ein samarbeider om kontoret for menneskerettar i Znamenskoye der det arbeider tre Europarådsekspertar. Noreg støttar kontoret med friviljuge bidrag.

Talet på saker til handsaming hos Den europeiske menneskerettsdomstolen veks, og dei hopar seg opp. Dette er eit aukande problem. I ein ministerkonferanse i Roma for å markere 50 års jubileet for Den europeiske menneskerettskonvensjonen tok Noreg til orde for å vurdere ytterlegare verkemidlar utover kortsiktig tilførsel av ressursar. I tillegg har avgjerda som EU har gjort om å utarbeide eit charter om grunnleggjande borgerrettar ført til stor uro i Europarådet for at det vil kunne føre til at det i Europa vert to parallelle system for vern av menneskeretter i Europa. Det er difor kome framlegg om at EU formelt vert part i konvensjonen.

Opptaket av to medlemsland, Armenia og Aserbajdsjan, sto på sakskartet gjennom heile 2000. Europarådet har etter opptaket 43 medlemsland.

Til toppen