Forsida

Historisk arkiv

Ny rapport viser korleis barnehagane har handtert koronasituasjonen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Åtte av ti kommunar seier dei klarte å ta seg av dei sårbare borna i barnehagane og deira familiar under nedstenginga i mars i fjor. Samstundes opplevde fleire barnehagestyrarar at det var vanskeleg å følgje opp desse borna. – Eg er glad for at så mange av kommunane seier at dei har klart å ta seg av dei sårbare borna. Så er eg bekymra for dei borna som ikkje har fått hjelpa og støtta dei treng, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Undersøkinga er utført på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Formålet har blant anna vore å finne ut korleis barnehagane har handtert koronasituasjonen, og finne ut kva konsekvensar pandemien har hatt for barnehagelærarar, foreldre og barn.

Vanskeleg å ta vare på dei sårbare borna

Fleire kommunar fortel at dei hadde eit godt tverrfagleg samarbeid med å identifisere dei sårbare borna, gjerne i samarbeid med barnevernet og PPT.

– Rapporten utfyller langt på veg det bilete vi også har fått gjennom kontakt med barnehagar, foreldre og kommunar. Det er svært positivt at det blir meldt tilbake om godt samarbeid for å nå dei sårbare borna, seier Melby.

Nokon av barnehagestyrarane meiner likevel det var vanskeleg å ta vare på dei sårbare borna som ikkje hadde tiltak og oppfølging før pandemien. Ei bekymring var blant anna at utredningar frå til dømes PPT og BUP ikkje blei gjennomførte i perioden då barnehagen var stengd, slik at arbeidet med desse borna blei forseinka.

– Regjeringa har vore opptatt av dei sårbare borna gjennom heile pandemien. Vårt mål er å gje born og unge ein så normal kvardag som mogleg, samtidig som vi ivaretar smittevernet. Det er ein vanskeleg balanse, seier Melby.

Barn og unge som har vedtak om spesialpedagogisk hjelp, spesialundervisning eller særskild språkopplæring skal få dette. Og dersom barnehagen, skulen eller SFO har reduserte opningstider, skal kommunen og fylkeskommunen sørge for at det blir etablert eit fulltidstilbod for born og unge med særskilde behov.

Utfordrande med nye tiltak

Mange opplevde at det var utfordrande å iverksette tiltaka som kom, og at det var for lita tid frå rettleiaren kom til tiltaka skulle vere på plass.

Samstundes meiner dei fleste som har svart at smitterettleiaren ga tydeleg informasjon om tiltak.

– Vi ser at barnehagane har strekt seg veldig langt for å gi born ein så normal barnehagekvardag som mogleg, sjølv med mange smitteverntiltak. Vi er opptatte av at smitteverntiltaka i minst mogleg grad skal ramme born, slik at vi kan sørge for å halde barnehagane opne. Det er difor veldig positivt å sjå kva barnehagane har fått til i denne perioden, seier direktør i Utdanningsdirektoratet Hege Nilssen

Barnehagar blir oppfatta som viktige samfunnsinstitusjonar

Rapporten viser også at mange tilsette i barnehagane er slitne etter fleire månader med tiltak. Kohortorganisering og uteaktivitet har vore positivt, men krevjande å organisere. Det blir trekt fram faresignal som auka sjukefråvær og mangel på vikarar.

Samstundes kjem det fram at barnehagen blir oppfatta som ein viktig samfunnsinstitusjon, og eit fundament for at foreldre skal kunne arbeide utanfor heimen.

– Eg er glad for at undersøkinga tydeleggjer den viktige rolla barnehagane og dei tilsette har i samfunnet. Og så er eg svært glad fordi det verkar som at barna har takla tiltaka i barnehagane fint. Det kan vi takke dei tilsette i barnehagane for. Dei har vore einståande gjennom heile denne perioden med ei form for unntakstilstand, seier Melby.

Fakta om undersøkinga:

  • Dette prosjektet er eitt av tre korona-prosjekt som blei utlyst hausten 2020 av Udir.
  • Dei to andre omhandlar handtering og konsekvensar i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.
  • Formålet med dette prosjektet er å undersøke korleis barnehagane har handtert koronasituasjonen, og å undersøke kva konsekvensar utbrotet har hatt for barnehagelærarar, foreldre og born.
  • Undersøkinga består av to delstudium: Del I undersøker styringsdialogen under pandemien. Del II undersøker konsekvensar av pandemien for barnehagelærarar, foreldre og born.

Les heile undersøkinga her