Presseinvitasjon:
Kommunalministeren mottek første søknad om samanslåing fredag
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 05.02.2015
Kommunane Sandefjord, Stokke og Andebu leverer sin søknad om samanslåing til kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner fredag 6. februar klokka 12.30. Statsminister Erna Solberg deltar på arrangementet.
Tid: Fredag 6. februar klokka 12.30, oppmøte 12.15
Stad: Akersgata 59
Denne veka har dei tre kommunane fatta vedtak i sine respektive kommunestyrar, og i dag vart det fatta endeleg vedtak under eit felles kommunestyremøte i Sandefjord.
I morgon kjem forhandlingsutvalet, med dei tre ordførarane i spissen, til Oslo saman med mellom andre fylkesmann Erling Lae, for å levere sin søknad om samanslåing til kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.
Søknaden vil bli overlevert på høgtideleg vis i departementet sine lokale, etterfylgt av feiring med kake og kaffi. Statsminister Erna Solberg deltar på arrangementet.
Pressen kan vere til stades under heile opplegget. Oppmøte klokka 12.15 i resepsjonen i Akersgata 59.
Kontakt:
- Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
- Kommunikasjonsrådgjevar Jenny Kanestrøm Trøite: 900 24 610