Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Det skal svi å bryte innkjøpsreglane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Regjeringa fremjar i dag forslag om sanksjoner mot grove brot på innkjøpsregelverket. Innkjøp som skjer utan konkurranse, i strid med regelverket, kan verte straffa med eit gebyr på inntil 15 prosent av innkjøpets verdi. Føremålet er å motverke kameraderi og korrupsjon.

Pressemelding

Nr.: 14/2006
Dato: 07.04.06
Kontaktperson: Seniorrådgiver Ragnvald Berggrav tlf. 92 45 53 37eller rådgiver Monica Auberg-Slettebøe, tlf. 22 24 02 63.

Det skal svi å bryte innkjøpsreglane

Regjeringa fremjar i dag forslag om sanksjoner mot grove brot på innkjøpsregelverket. Innkjøp som skjer utan konkurranse, i strid med regelverket, kan verte straffa med eit gebyr på inntil 15 prosent av innkjøpets verdi. Føremålet er å motverke kameraderi og korrupsjon.

- Mange brot på regelverket skuldast manglande kunnskap, men bevisste og grove brot vil no få konsekvensar, seier fornyingsminister Heidi Grande Røys.

Regjeringa har òg vedteke ny forskrift om offentlege innkjøp og ny forskrift om innkjøpsreglar for forsyningssektorane, og innkjøparane kan no førebu seg på ta i bruk dei nye reglane.

Det offentlege gjer innkjøp for over 200 milliardar kroner kvart år, noko som utgjer over 15 prosent av BNP. Det er difor samfunnsøkonomisk viktig å stimulere til gode og effektive offentlege innkjøp. Dei nye forskriftene vil opne for nye og meir moderne innkjøpsprosessar. Blant anna vil alle innkjøp no kunne gjerast ved bruk av elektroniske middel.

- Dette er eit sentralt verkemiddel for å effektivisere offentlege innkjøp og er ein viktig del av regjeringas satsing på å fornye offentleg sektor, seier statsråden.

Regjeringa har òg bestemt at omsyna bak universell utforming skal gjerast synleg i regelverket. I dette ligg det ein ambisjon om at alle produkt, tenester og bygningar skal planleggjast slik at dei kan bli brukt av så mange som mogleg, uavhengig av eventuell funksjonshemming.

Regjeringa har òg eit mål om å leggja til rette for at frivillig sektor kan vidareutvikla sin funksjon i å løyse samfunnsoppgåver. Det er difor bestemt at det framleis skal være mogleg å kjøpe helse- og sosialtenester direkte frå ideelle organisasjonar. – Dette er verksemder som på mange måtar er det offentleges forlengja arm når det gjeld å løyse menneskelege og sosiale oppgåver i samfunnet, seier Grande Røys. Me vil jobbe vidare med å byggje eit best mogleg samarbeid med desse aktørane.

Departementet har ambisjonar om at dei nye forskriftene skal tre i kraft 1. juli, men det er stor uvisse knytt til tidspunktet, då innkjøpsdirektiva ikkje er ferdigbehandla i EØS-systemet enda.


Til toppen