Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

”Djupare enn lyset” – spanande utstilling på sjøfartsmuseet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Mar-Eco var ei stor økologisk undersøking langs den midtatlantiske ryggen som har gitt oss ny og spanande kunnskap om livet i djuphavet. Ein viktig del av ekspedisjonen var å formidle resultata, og det er gjort på ein måte som har gitt prosjektet fleire prisar for god formidling, sa statssekretær Vidar Ulriksen då han i går opna utstillinga ”Djupare enn lyset” på Norsk Sjøfartsmuseum i Oslo. Utstillinga er alt synt fram i ei rekkje europeiske byar.

Foto: Anette Karlsen, Havforskningsinstituttet

Den store internasjonale forskingsprosjektet vart leia av Havforskingsinstituttet og Bergen Museum og forskarane brukte det nye, høgteknologiske forskingsskipet G.O. Sars. Biletkunstnaren Ørnulf Opdahl var med på ekspedisjonen i 2004 og hans inntrykk er formidla både gjennom utstillingar og ei ny bok.

Sjå også:  www.mar-eco.no og www.norsk-sjofartsmuseum.no

Til toppen