Historisk arkiv

Forslag om endringar i lov om svangerskapsavbrot og lov om sterilisering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Regjeringa har i dag lagt fram forslag til Stortinget om endringar i lov om svangerskapsavbrot og i lov om sterilisering. Endringane blir foreslått for å klargjere norsk rett forut for ein ratifikasjon av Europarådet sin konvensjon om menneskerettar og biomedisin (biomedisinkonvensjonen), og fastset vilkåra for når ein kan tillate inngrep overfor personar som ikkje kan samtykkje sjølve etter desse lovane.

Pressemelding

Nr.: 18
Dato: 07.04.06

Lovforslag om endringar i lov om svangerskapsavbrot og lov om sterilisering (tilpassing til biomedisinkonvensjonen)

Regjeringa har i dag lagt fram forslag til Stortinget om endringar i lov om svangerskapsavbrot og i lov om sterilisering. Endringane blir foreslått for å klargjere norsk rett forut for ein ratifikasjon av Europarådet sin konvensjon om menneskerettar og biomedisin (biomedisinkonvensjonen), og fastset vilkåra for når ein kan tillate inngrep overfor personar som ikkje kan samtykkje sjølve etter desse lovane. Samstundes legg regjeringa fram ein St.prp. der dei foreslår at Stortinget samtykkjer til ratifikasjon av biomedisinkonvensjonen.

– Biomedisinkonvensjonen vernar om det einskilde mennesket sine rettar ved medisinsk forsking og behandling. Misbruk av kunnskap vedrørande biologi og medisin kan ha alvorlege konsekvensar for individa, og konvensjonen er eit viktig bidrag til å styrkje menneskerettar til individ i møtet med moderne biomedisinsk forsking og teknologi, seier helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad.

Biomedisinkonvensjonen sitt vern av personar som ikkje kan samtykkje til medisinske inngrep går lengre enn det lova om svangerskapsavbrot og lova om sterilisering gjer. For å bringe norsk rett i samsvar med konvensjonen og sikre rettstryggleik til desse personane, foreslår regjeringa å endre lovane.

Etter lovforslaget blir slike inngrep berre tillate på strenge vilkår etter ei samansett vurdering der ein òg tek omsyn til andre alternativ til inngrepet. Det blir understreka i forslaget at omsynet til den det gjeld er det viktigaste i slike saker.

Kontaktpersonar:
Ekspedisjonssjef Kari Sønderland, tlf 22 24 86 75
Førstekonsulent Kaja Moe Winther, tlf 22 24 85 88