Legg laurdagsturen til eit fengsel
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Justis- og politidepartementet
Pressemelding | Nr: 95 - 2008 | Dato: 26.09.2008
I samband med presentasjonen av stortingsmeldinga om kriminalomsorga, vert det invitert til open dag i ei rekkje fengsel over heile landet laurdag 27. september. Det vert opning for å få ei omvising i fengsla.
I samband med presentasjonen av stortingsmeldinga om kriminalomsorga, vert det invitert til open dag i ei rekkje fengsel over heile landet laurdag 27. september. Det vert opning for å få ei omvising i fengsla. Mange stader vil det vere mogleg å kjøpe eller tinge produkt frå arbeidsdrifta i fengslet. I Skien, Tønsberg og Drammen vil Kriminalomsorga arrangere torgmøter.
Representantar frå Justisdepartementet vil vere tilstades på nesten alle fengsla, og dei vil presentere hovudinnhaldet i stortingsmeldinga og svare på spørsmål overfor interesserte.
Desse fengsla held ope laurdag:
Arendal fengsel kl. 10.00 – 13.00
Bergen fengsel kl. 11.00 – 15.00
Bodø overgangsbolig kl. 13.00 – 16.00
Bredtveit fengsel kl. 12.00 – 15.00
Bruvoll fengsel kl. 10.00 – 11.00
Indre Østfold fengsel Eidsberg kl. 12.00 – 14.00
Kongsvinger fengsel kl.13.00 – 16.00
Ravneberget fengsel kl. 11.00 – 13.00
Stavanger fengsel kl. 12.00 – 13.00
Tromsø fengsel kl. 12.00 – 15.00
Trondheim fengsel kl. 13.00 – 15.00
Vestoppland, avdeling Valdres kl. 11.00 – 14.00
Ålesund fengsel kl.11.00 – 15.00
Vik fengsel held ope frå kl. 12.30 på fredag.
Torgmøter laurdag 27. september kl. 10 – 13
Kriminalomsorga region sør vil arrangere torgmøter laurdag 27. september i Skien, Tønsberg og Drammen. På torgmøtene vil kriminalomsorga presentere innhaldet i straffegjennomføringa no og i framtida. Tilsette i fengsel og friomsorgskontor vil vere tilstades og presentere etaten, den nye stortingsmeldinga og svare på spørsmål.